Sunnfjord kommune

Søknad om barnehageplass for barnehageåret 2020/2021 for Sunnfjord kommune

Søknad om barnehageplass for barnehageåret 2020/2021 for Sunnfjord kommune

 Klikk for stort bileteSunnfjord kommune har felles opptak for kommunale og private barnehagar. For alle barnehagane søker du om plass her på heimesida til Sunnfjord kommune.

Alle barn som fyller 1 år seinast 30. november 2020 og som har søkt innan fristen 1. mars, har lovfesta rett til barnehageplass i den kommunen dei er busette i.

Søknader som kjem inn etter fristen, vert ikkje behandla før etter at alle med lovfesta rett til barnehageplass har fått tilbod om plass.

Dei som får plass, må vere busette i kommunen når dei tek til i barnehagen.

Les om barnehagetilbodet og dei ulike barnehagane

Dersom du treng hjelp til å søke, får du dette ved å ta kontakt med tenestetorga eller du kan ta kontakt med barnehagane.

Søk barnehageplass