Sunnfjord kommune

Søk om ungdomsrådet sine midlar

Søk om ungdomsrådet sine midlar

Ungdomsrådet vil bidra til auka aktivitet og trivsel for barn og ungdom i Sunnfjord kommune. Ungdomsrådsmidlane er ein enkel måte å søke om tilskot som kjem barn og ungdom til gode.

   

Ungdomsrådet sine midlar 

Sunnfjord ungdomsråd får tilskotsmidlar i årleg budsjett som dei skal fordele til gode tiltak for barn og ungdom i kommunen. I 2021 skal ungdomsrådet tildele 70 000 kr.

I mai 2021 tildelte ungdomsrådet 36 500 kr, så det er 33 500 kr reservert for utdeling i november.     

Kva kan du søke om støtte til?

  • Prosjekt for barn og ungdom 
  • Rusfrie arrangement eller aktivitetstiltak for barn og ungdom
  • Utstyr retta mot aktivitet for barn og ungdom
  • Andre tiltak som betrar oppvekstmiljøet for barn og ungdom

Midlane er retta mot mindre eingongsinvesteringar, ikkje generell drift.

Sjå meir informasjon om ungdomsrådet sine midlar 

Søknadsfrist

Ungdomsrådet tildelar midlar to gongar i året, i mai og november. 

Førstkomande søknadsfrist er 5. november 2021

Krav til søknaden

  • informasjon om søkar 
  • skildring av tiltaket 
  • informasjon om finansiering av tiltaket 
  • Myndig kontaktperson (dersom søkar er under 18 år)

Bruk elektronisk søknadsskjema: 

Søk om midlar frå ungdomsrådet