Søk om tilskot frå ungdomsrådet innan 4. mai 2025Ungdomsrådet ønsker å auke aktiviteten og trivselen for barn og unge i Sunnfjord kommune. Det er enkelt å søke om støtte frå Ungdomsrådet.Tilskot frå ungdomsrådetUngdomsrådet får ein sum pengar kvart år som dei skal dele ut til prosjekt og tiltak for barn og unge i kommunen. I 2025 skal dei dele ut 100 000 kroner.Omtrent halvparten av pengane blir delt ut i mai, og resten i november.Kva kan du søke om pengar til?Prosjekt for barn og ungeRusfrie arrangement eller aktivitetar for barn og ungeUtstyr for aktivitetar for barn og ungeAndre prosjekt eller tiltak som gjer oppveksten betre for barn og ungePengane går til enkeltinvesteringar, ikkje til vanleg drift.Meir om tilskot frå ungdomsrådetSøk innan 4. maiFristen for å søke er måndag 4. mai 2025. Fyll ut elektronisk søknadsskjema:Søknadsskjema for tilskot frå ungdomsrådetKva søknaden må innehaldeinformasjon om deg som søkerskildring av tiltaketkorleis tiltaket skal finansierastkontaktinformasjon til ein vaksen kontaktperson (om du er under 18)Har du spørsmål? Send e-post til Malin Moldestad, sekretær for ungdomsrådet: malin.solheim.moldestad@sunnfjord.kommune.no Sist endra 22.04.2025 09.49