Sunnfjord kommune

Smittevernråd til bedrifter med utanlandsk arbeidskraft

Smittevernråd til bedrifter med utanlandsk arbeidskraft

Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet I lys av situasjonen ved Havyard Leirvik (Hyllestad) og Lerøy Bulandet AS (Askvoll), har vi oppsummert dei retningslinjene som gjeld for innreise til Noreg og nokre tilrådingar til bedrifter med utanlandsk arbeidskraft.

Retningslinjer for bedriftene

Covid 19 – forskrifta er den som til ei kvar tid er gjeldande for smitteverntiltak som følgje av koronautbruddet, og det er eit minimumskrav at bedriftene følgjer denne. Alle som kjem til Noreg frå utlandet, med unntak av gitte område i Norden/Europa med tilstrekkeleg låg smittespreiing, skal vere i heimekarantene i 10 døgn.

På FHI sine nettsider ligg det kart over status for dei ulike landa (raude og gule område).

Covid-forskrifta § 6 regulerer unntak for karanteneplikta, og § 6c regulerer unntak frå innreisekarantene for arbeidsreisande. Unntak gjeld berre dersom arbeids- eller oppdragsgjevar legg til rette for testing og smittevernråd som alternativ til karantene for personar som elles ville hatt karanteneplikt.

Smitteverntiltak og oppfølging når personar vert unntatt frå karanteneplikt:

  • Teste for covid-19 kort tid (dag 0) etter ankomst til Noreg, eller på ca. dag 3 etter kjent eksponering for smitte.
  • Vente med oppstart i jobb inntil første negativt prøvesvar ligg føre.
  • Utføre ny test tidlegast dag 5 etter ankomst, eller på ca. dag 7 etter siste kjente eksponering for smitte. Det skal gå minst 48 timer mellom første og andre test.
  • Karantene på fritida fram til andre prøvesvar er negativt.
  • Hvis det er strengt nødvendig kan dei ta offentleg transport til og frå jobb etter første negative prøvesvar ligg føre. Dei bør då følgje råd til dei som er i karantene, men som må reise med offentleg transport.
  • Følgje med på eigen helsetilstand. Ved symptom på luftveisinfeksjon skal arbeidsgjevar varslast straks, og test utførast så snart som mogeleg. Vedkomande må isolerast fram til prøvesvar er klart.
  • Arbeidstakar må ikkje gå på jobb/forlate jobben straks, dersom han får symptom på luftvegsinfeksjon eller testar positivt for SARS-CoV-2.
  • Tilstrebe avstand (>1 meter) til medarbeidarar og andre. Om mogeleg, hald gjerne 2 meter avstand.
  • Organisere arbeidet slik at nær kontakt med andre tilsette og andre, kan avgrensast i størst mogeleg grad.
  • Vurder eventuelt om det er mogeleg å lage kohortar av arbeidstakarar for å avgrense kor mange som er i lag.
  • Ver ekstra påpasselege med hoste- og handhygiene.
  • Ved pasientnært arbeid i helsetenesta bør man i tillegg bruke munnbind når man er under 2 meter fra pasient, spesielt ved arbeid med pasienter i risikogrupper.
  • Varigheita for tiltaka er 10 døgn etter siste mogelege eksponering, eller 10 døgn etter ankomst til Norge. 

Vi føreset at arbeidsgiver berre gjev unntak fra karanteneplikt dersom ein kan gjennomføre testing og tilrådde smitteverntiltak.

I tillegg tilrår vi at arbeidsgiver legg til rette for:

  • Tilpassa informasjon på eit språk arbeidstakaren forstår om råd for smittevern og selvmonitorering. Bruk eventuelt tolk for å sikre at informasjonen er forstått. 
  • At ein kan følgje smittevernråd på arbeidsplassen, med tanke på å halde avstand til kvarandre og gode tilhøve for å utføre handvask/desinfeksjon.
  • Tilgang til rask prøvetaking, analyse og testresultat.
  • Ingen risiko for tap av inntekt ved positivt svar.
  • Lett, sikker og gratis tilgang til helsehjelp ved symptom
  • Vurdèr om ein kan avvente oppstart i arbeid til ein har fått prøvesvar nr. 2 for å redusere faren for eventuell smittespreiing til andre tilsette.

Oppdatert informasjon finn de på FHI sine nettsider, og arbeidsgjevar/oppdragsgjevar er ansvarleg for å halde seg oppdatert og følgje med på endringar i retningslinjene.