Her får dei som er utsett for seksuelle overgrep - og deira pårørande - eit tverrfagleg lågterskel og gratis hjelpetilbod. Nok. Sogn og Fjordane tilbyr også undervisning og rådgiving til skuleklassar, lærarar, barnehagetilsette, helsepersonell og andre fagpersonar.
Dagleg leiar for Nok. Sogn og Fjordane, Chatrine Elholm, er glad for det nye namnet.
Nok. representerer eit tydeleg stopp-punkt og speglar visjonen til alle Nok-sentra; “Ingen skal bli utsett for seksuelle overgrep”. Likevel skjer det. 1 av 3 kvinner og 1 av 10 menn opplever seksuelle overgrep. Nok.-namnet markerer endring, håp og framtid i tråd med slagordet “Saman finn vi vegen vidare”, seier Elholm.
Nok.-sentra jobbar for ei betre framtid for dei som er utsett, og for å hindre at nye overgrep skjer. Med nytt namn og ny visuell identitet, ønsker dei å gjere denne jobben endå betre.
For meir informasjon, gå til nettsida noksognogfjordane.no. Du kan også følgje Nok. Sogn og Fjordane på Facebook og Instagram.
NoK. tilsette i Sogn og Fjordane
På bilete f.v; Elin Nikoline Vie, Trude Merete Lundekvam, Chatrine Elholm og Siri Helene Haugland