Sunnfjord kommune

Skriftleg og munnleg eksamen for grunnskulen er avlyst

Skriftleg og munnleg eksamen for grunnskulen er avlyst

Klikk for stort biletePå grunn av koronautbrotet er skriftleg og munnleg eksamen for grunnskulen avlyst. 

Elevane får likevel eit fullverdig vitnemål

Elevane får eit fullverdig vitnemål og avlysing av eksamen vil ikkje påverke opptaket til vidaregåande skule. Det vil stå i vitnemålet at eksamen er avlyst. Det skal setjast standpunktkarakterar og det er difor avgjerande at elevane deltek og leverer inn oppgåver og arbeid. Sidan det ikkje blir eksamen, kan skulen sette standpunktkarakter heilt fram mot slutten av skuleåret.