Skabbutbrot på Førde omsorgssenterEi avdeling ved Førde omsorgssenter har pågåande skabbutbrot. I samråd med hudavdelinga og hygieneavdelinga i Helse Førde, vert det sett i gong behandling i tråd med faglege retningsliner. Pasientar, nærkontaktar og tilsette ved den aktuelle avdelinga må behandlast. Det er viktig at alle følgjer den anbefalte behandlinga. Kommunen tek kostnadane. Skabb er først og fremst plagsamt, det er ikkje farleg. Pårørande og personalet vert kalla inn til informasjonsmøte. Sist endra 03.09.2024 09.33