#sjekkdeg–drop in-kveld ved legekontora i Sunnfjord kommuneOnsdag 12. februar kan kvinner mellom 25-69 år komme til legesenteret for å få tatt celleprøve. Kvelden er for kvinner som ikkje har tatt prøve trass innkalling, og har fastlege i Sunnfjord kommune. Studentar med lang reiseveg til eigen fastlege håpar vi også vil nytte seg av tilbodet.Legane stiller denne ettermiddagen frå klokka 15:30 (Det er berre kvinnelegar som skal stille)Førde klokka 15:30-20:00Naustdal klokka 15:30-19:00Sande klokka 15:30-18:00 Vi rådar til å ringe for å bestille time på førehand for å unngå mykje ventetid.Telefonnummer til dei fire legekontora finner du her Sist endra 31.01.2025 10.31