Sunnfjord kommune

Siste nytt om koronasituasjonen i Sunnfjord kommune

Siste nytt om koronasituasjonen i Sunnfjord kommune

Tal smitta i Sunnfjord kommune

Koronainformasjon og pressemeldingar på andre språk

Oppdatert 24. januar

Smitte:

Registrert totalt 282 pos PCR-tester siste 14 dager. Siste 2 døgn er ikkje med i tellinga grunna feil ved laboratorieoppsett, desse tala vil bli etterregistrert. Rapporterte tal tilsvarer 1280/100.000.

Barnehagealder 12 (3,5%), barneskulealder 49 (17,4%), ungdom- og vidaregåande skule 18 (6,4%). Dei fleste smitta er i alderen 20 - 50 år. Nokre få over 80 år.

Utbrotet på Vassenden skule ser no ut til å ha dempa seg. Så langt registrert 51 smitta elevar og 5 smitta tilsette, framleis sit 23 elevar i husstandskarantene.

Vaksinasjon:

  1. dose 93,1% > 16 år – totalt 17.356 doser
  2. dose 90,4% > 16 år – totalt 15.837 doser
  3. dose 52,4% > 18 år, 79,8% > 45 år, 90,4% > 65 år, 92% > 75 år – totalt 8.842 doser

 

 

 

 

 

 

 


KoronavaksineOppdatert 21. januar

Hensikten med vaksinasjon mot covid-19 er å forebygge sjukdom eller å gjere sjukdomsforløpet mildare uten å bli utsett for alvorlige bivirkningar.
Les mer (20.01.22) 

Oppdatert 17. januar

Smitte
Det er 121 med påvist smitta dei siste 14 dagane. Dette  tilsvarer 563/100.000.  Smitten har som forventa auka betydeleg siste veka. Dei siste tre dagane er det påvist 50 nye med smitte. 

  • Barnehagealder: 8
  • Barneskulealder: 21
  • Ungdoms- og vidaregåande skule: 12
  • Studentar: 4

Ein skule har eit større utbrot, det har vore eit par mindre utbrot i barnehagar. Det er  også utbrot på ein samlokalisert omsorgsbustad med smitte hos to brukarar og seks tilsette.

Vaksinasjon
Siste vaksinasjonsdag var 10. januar, neste er 20. januar. 

Det er gjeve 40 983 dosar:
1.    dose: 92,9% > 16 år
2.    dose: 89,8% > 16 år
3.    dose: 47% > 18 år, 74,2% > 45 år, 88,2% > 65 år, 91% > 75 år
 

 

 

 

 

 

  

Oppdatert 14. januar

Regjeringa lettar på tiltaka.

Gjelder frå midnatt natt til fredag 14. januar. Endringane knytt til barnehagar, skular og SFO gjeld frå midnatt natt til laurdag 15. januar. Tiltaka skal vurderast på nytt i starten av februar.

Dette er dei nasjonale tiltaka

Oppdatert 13. januar

Pressemelding frå kommuneoverlegen:
Er du 45 år eller eldre og ynskjer 3. dose, eller har du ikkje tatt 1. dose enno?

Testing

  • Testing i forbindelse med reiser blir ikkje lenger utført ved den kommunale teststasjonen. Bestill slik test på flyplassen eller ved grenseovergangar. 
  • Endra tidspunkt for utlevering av hurtigtestar på test-stasjonen ved legevakta på sjukehuset: 08.00—10.00 og 12.00—14.00  kvar dag.
  • Meir informasjon finn du på sida om koronatesting

Informasjon til brukarar og pårørande om besøk i omsorgssenter og omsorgsbustadar

  • Besøkande vert oppmoda om å halde 1 meter avstand og nytte munnbind i møte med helse- og omsorgstenesta
  • Pårørande som har symptom på luftvegsinfeksjon bør ikkje komme på besøk
  • Gode rutinar for handvask
  • Hostehygiene: host i albogen eller i papirlommetørkle
  • Besøkande vert oppmoda om å melde i frå til avdelingsleiinga dersom dei får symptom på luftvegsinfeksjon dei første dagane etter besøket

Helsedirektoratet sine råd til besøkande

Her finner du informasjon og råd til nærkontakter og dei som er i isolering.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00