Sunnfjord kommune

Samfunnskritiske oppgåver og opningstider i barnehage, skule og sfo

Samfunnskritiske oppgåver og opningstider i barnehage, skule og sfo

Kommunen skal gi eit tilbod ut over opningstider til barn som har foreldre med samfunnskritiske oppgåver. Terskelen for å få tilbod skal ligge høgt,  og kommunen har fullmakt til å avgrense tilbodet.

På grunn av lågt smittepress og stort press på skule og barnehage, har kriseleiinga avgrensa samfunnskritiske oppgåver til å gjelde følgjande grupper i veke 19:

  • Tilsette i Helse Førde, som er avgjerande for beredskapen
  • Tilsette i barnehage og skule
  • Tilsette i verksemder som er avgjerande for beredskapen i samband med korona pandemien.

Du må sende søknaden på e-post til  postmottak@sunnfjord.kommune.no med stadfesting frå arbeidsgjevar.

I søknaden må du grunngi kvifor du må ha plass og utfordringa du har med barnepass.

Foreldre som har fått innvilga plass frå 4. mai, treng ikkje søke på nytt.