Sunnfjord kommune

Rullering av kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Rullering av kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Klikk for stort bilete Gregory Idehen  Har du framlegg til nye anlegg inn i kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv?

Vi er på jakt etter deg som har innspel frå lag og organisasjonar som er aktuelle i samband med bygging og rehabilitering av anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Sunnfjord kommune. Anlegg kan og vere turstiar/-løyper (inkl. merking) og kart.

Å legge til rette for at folk kan drive både organisert og eigenorganisert aktivitet i sitt nærmiljø gir både livskvalitet og god folkehelse. For å vere med å finansiere slike anlegg kan det søkjast om spelemidlar.

Typar anlegg og nedre kostnadsgrense

Det kan søkast om spelemidlar til:

  • ordinære anlegg (for organisert idrett og fysisk aktivitet) – nedre grense for kostnad er 150.000 kroner.
  • nærmiljøanlegg (for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet) – nedre grense for kostnad er 50.000 kroner.
  • rehabilitering av eldre anlegg.
  • tur kart – nedre grense for kostnad er 75.000 kroner.

Som hovudregel kan ein få tilskot på inntil 1/3 av godkjent kostnad til bygging/rehabilitering av ordinære anlegg. Til nærmiljøanlegg kan ein få tilskot på inntil 50 % av godkjent kostnad.

Kven kan søke?

For å kunne få spelemidlar er det eit krav at ein har eit organisasjonsnummer. Søkarar kan vere:

  • Idrettslag/organisasjonsledd i Norges Idrettsforbund
  • Samanslutningar under Norges Jeger og Fiskeforbund, Den Norske Turistforening, Norges Bilsportforbund eller Det Frivillige Skyttervesen.

NB! Aksjeselskap, stiftingar og samvirkeforetak må søkje departementet om førehandsgodkjenning av vedtektene sine for å kunne søkje om spelemidlar.

Desse samanslutningane kan søkje om tilskot til særlege anlegg:

  • Organisert under Friluftsrådenes Landsforbund og Norsk Friluftsliv kan søkje om tilskot til friluftslivsanlegg.
  • Organisert under Norsk Kennel Klubb kan søkje om tilskot til anlegg for hundesport.

Frist for tilbakemelding og kontaktpersonar

For å kunne få spelemidlar er det eit krav at prosjektet du vil gjennomføre er tatt inn i Sunnfjord kommune si «Kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv». Den blir rullert kvart år gjennom vedtak i kommunestyret. Vi ber difor om du melder tilbake til oss innan 1. september om du har planar om prosjekt du vil søkje om tilskot gjennom spelemidelordninga.

Skjema for innsending av innspel

Hugs kartutsnitt og  legg gjerne ved utfyllande opplysningar.

Feil og manglar: Dersom det er feil eller manglar i eksisterande plan som vert oppdaga, set vi også pris på å bli varsla om dette slik av vi kan rette det. Link til eksisterande plan.

Sunnfjord kommune set stor pris på alle initiativ som fremjar fysisk aktivitet for alle grupper. Om du er i tvil om du er godkjent som søkjar eller om prosjektet ditt kan få spelemidlar så ta kontakt med:

Vi hjelper deg gjerne!Klikk for stort bilete

Søknadsfrist spelemidlar

Den kommunale søknadsfrist på spelemidlar er sett til  

  • 1. oktober

For eksisterande søknader som ikkje har fått tildeling: hugs å gjenta søknad! Link til fylkeskommunen sine søknadssider som må nyttast.

Det er sett opp opne møter i august 2020 for meir generell informasjon til frivillige lag og organisasjonar. Her vil det også bli informert om spelemidlar og det er mogleg å få hjelp til å søke.