Sunnfjord kommune

Registrer positiv hurtigtest og nærkontaktar

Registrer positiv hurtigtest og nærkontaktar

Karantenekompass - Klikk for stort bileteDu kan hjelpe helsearbeidarane i kommunen ved å seie ifrå om positivt svar på ein hurtigtest for Covid-19, og dele informasjon om dine nærkontaktar. Du kan også registrere ein test på vegne av andre, for eksempel eigne barn.

Positiv hurtigtest

Registrer positiv hurtigtest på hjemmetest.remin.no/sunnfjord 
Du finn og lenka under karantenekompasset.
Når du har registrert positiv hurtigtest vil du få ein SMS der det står kva du skal gjere vidare.

  • Positiv hurtigtest er sikker bekrefting på at du er smitta av covid-19.
  • Testar du positivt for covid-19, bør du halde deg heime, halde avstand til dei du bur saman med og eventuelt bruke munnbind.
  • Det har ingen hensikt å ta nye testar dersom du har testa positivt. Testane slår ofte ut som positive lenge etter at du er smitta, då dei ikkje skil på levande og dødt virusmateriell
  • Du skal  ikkje ta PCR test om du har 3 koronavaksiner eller har hatt positiv koronatest siste 3 mnd.
  • Har du primær eller sekundær immunsvikt (organtransplantert, immundempande medisin) er du tilrådd PCR-test
  • Er du uvaksinert eller delvaksinert og treng PCR-svar for koronasertifikat kan du ta PCR-test
  • Varsla leiar så fort som mogleg viss du er helsepersonell

Du bør halde seg heime i 4 døgn og ikkje gå tilbake på jobb, før du har vore feberfri i minst 24 timar. Har du ikkje symptom bør du halde deg heime i 4 døgn frå testdato.

For meir informasjon sjekk FHI sine sider: