Sunnfjord kommune

Regionale miljøtilskot for Vestland

Regionale miljøtilskot for Vestland

Regionalt miljøprogram for Vestland er eit strategiprogram fastsett av Fylkesmannen (no Statsforvaltaren) i samråd med bondelaget og bonde- og småbrukarlaget.

  • Søknadsfrist 15. oktober.

Programmet skal stimulere til å oppretthalde og utvikle eit ope og variert kulturlandskap. Særskilte verdiar i kulturlandskapet skal takast vare på og skjøttast, god agronomi skal fremjast, og ureining og tap av næringsstoff frå jordbruket skal reduserast. Som ein del av regionalt miljøprogram kan bønder i Vestland søke om regionale miljøtilskot til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, skjøtsel av biologisk mangfald og kulturminne, miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel og klimarådgjeving. Beitelag kan søke om tilskot til drift av beitelag.

Tilskota skal stimulere til miljøvennlege driftsformer og produksjon av miljøgode for samfunnet. Dei er til liks med nasjonale produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til føretak med landbruksproduksjon som oppfyller visse vilkår.

  • Søknaden kan leverast elektronisk via Altinn på Vestland sitt søknadsskjema innan 15. oktober. Beitelag har eigen søknadsfrist 15. november. Dersom søknad vert levert etter fristane vert tilskotet redusert med 1000 kroner per dag inntil 14 dagar etter søknadsfristen er gått ut.
  • Det er ein føresetnad at føretaket oppfyller krava til gjødslingsplan og plantevernjournal for å kunne søke om tilskot frå regionale miljøtilskot. Unntak: kravet gjeld ikkje for beitelag.
  • Vi vil oppmode om at du les omtalen av dei ulike ordningane godt, slik at du er kjent med vilkåra i dei ordningane du har tenkt å søke på før du fyller ut søknad.

Omtale av dei regionale miljøtilskota i Vestland og informasjon om søknad finn du her

Har du spørsmål, ta kontakt med