Sunnfjord kommune

Råd om arrangement - utleige av lokale, ansvarleg arrangør og reinhald

Råd om arrangement - utleige av lokale, ansvarleg arrangør og reinhald

Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet Vi har samla nokre råd til deg som skal leige ut lokale eller sjølv ha arrangement.

Arrangement for inntil 50 personar på offentleg stad

Covid 19 – forskrifta har opna opp for at det er tillatt med arrangement for inntil 50 personar på offentleg stad. Det føreset at det er ein ansvarleg arrangør og at deltakarane held minst 1 meter avstand til personar dei ikkje bur i lag med. I private samanhengar kan ein no vere maksimalt 20 personar samla.

Kommunen er rådgjevande instans i høve forskrifta og har følgjande råd til dei som skal leige ut eller ha arrangement:

Kva seier forskrifta om arrangement og offentleg stad?

I følgje covid-19-forskrifta er det følgjande:

Med arrangement meiner vi:

  • Idrettsarrangement, inkludert stemne, cup og kamp, men ikkje organisert idrettsaktivitet i form av trening
  • Kulturarrangement, inkludert konsert, utstillingsopningar, opera, ballett, teater og kino
  • Andre arrangement, inkludert seminarer, bursdager, bryllaup, gravferd, religiøse samlingar og liknande
  • Med offentleg stad meiner vi ein stad bestemt for alminneleg ferdsel eller ein stad der allmennheita ferdast.

Samlingar i nabolag, burettslag og tilsvarande, er rekna som privat stad, og arrangement på slike stader må derfor halde seg til grensa på maks 20 personar.

Vi har lokale til leige - kva arrangement kan vi leige ut til?

Lag og organisasjonar som har lokale til utleige, kan leige dette ut til møte, kurs, dåp, bursdag, bryllaup og liknande for maks 50 personar.

Føresetnaden er at dei som leiger stiller med ein ansvarleg arrangør (ideelt sett ein som ikkje er med i sjølve selskapet, men ikkje noko krav) og at denne set seg inn i kva ansvar som ligg i det å vere «ansvarleg arrangør». Om dei er usikker på dette, kan dei sjølv ta kontakt med kommunen. Utleigar må ha namn på ansvarleg arrangør.

Ansvaret til ansvarleg arrangør:

Å vere ansvarleg arrangør inneber:

  • Sikre at tilstrekkeleg avstand vert halden under arrangementet – dvs. minst 1 meter mellom personar som ikkje er i same husstand
  • Sikre god handhygiene gjennom informasjon og tilgang til vask og handdesinfeksjon
  • Sikre god informasjon til deltakarane på førehand om at ingen med symptom på luftvegsinfeksjon kan delta (desse skal visast vekk om dei kjem).
  • Ha liste over kven som har delteke i arrangementet og oppbevare denne i 14 dagar (med tanke på smittesporing)
  • Sørge for at servering skjer på ein forsvarleg måte med tanke på smittevern – ikkje buffè, men at maten blir servert. I tillegg må ein hugse på at kaffi/te/vatn skal skjenkast (kan ikkje stå framme slik at kvar og ein forsyner seg sjølv).

Ved arrangement der mange ikkje kjenner kvarandre:

Dersom ein har møte eller andre arrangement der mange ikkje kjenner kvarandre, kan det vere vanskeleg å vite kven som har vore nærkontaktar dersom det oppstår ein smittesituasjon. For å lette arbeidet med smitteoppsporing, har vi følgjande råd:

Ha nummererte plassar i lokalet, og der kvar person får sin nummererte plass når dei vert registrert med namn og telefonnummer. Vedkomande må sitje på tilvist plass. Lista med namn og plassering skal oppbevarast i 14 dagar etter møtet.

Nærkontakt ved smitte er at ein har vore nærare enn 2 meter frå den smitta i meir enn 15 minutt. Dersom arrangør har oversikt over kor folk er plassert i lokalet, kan vi sleppe unna med å setje 2-3 personar i karantene i staden for alle som deltok på møtet. Det vil også redusere omfanget av smitteoppsporingsarbeidet.

Reinhald av lokalet

Utleigar har ansvaret for at lokalet er tilstrekkeleg reingjort etter bruk i tråd med retningslinjene for smittevern, og vi tilrår at utleigar vaskar sjølv. Om dei som leiger skal vaske, er det viktig å informere om rutinar for reinhald og ha sjekklister på kva som skal gjerast.

For å vere rimeleg sikker på at det ikkje er smitte på overflater, tilrår vi ei karantenetid på 3 døgn mellom utleiga.

Lokala bør reingjerast med mikrofiberkluter og det er viktig at alle kontaktflater vert vaska (må hugse på lysbrytarar, stolryggar, kaffitraktarar, dørhandtak m.v.).

Toalett kan vere opne, men oppmod gjerne om minst mogeleg bruk ved korte møter. Sørg for at det er rikeleg med såpe og papirhandkle tilgjengeleg.