Sunnfjord kommune

Produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid - del 2

Produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid - del 2

Kyr og griser på beite - Klikk for stort bileteJordbruk - dyr på beite Ukjent Andre søknadsfrist for produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid  er 15. oktober 2021. Vi oppmodar om at du er tidlig ute med å søke.

Søknadsfrist og kven som kan søke

Søknad om produksjonstilskot i jordbruket har to søknadsfristar i året. I oktober er det både husdyrprodusentar og planteprodusentar som kan levere søknad.

  • Du kan levere søknaden frå og med 1. oktober, som er teljedato
  • Søknadsfristen er 15. oktober
  • Du kan endre opplysningar i innlevert søknad inntil 14 dager etter at søknadsfristen har gått ut, fram til 29. oktober.
  • Du kan  etterregistrere avløysarutgifter og dyr frå utmarksbeite fram til 10. januar.
  • Du kan levere søknaden inntil 14 dager etter søknadsfristen, dvs. fram til og med 29. oktober, men tilskotsutbetalinga vert redusert  med 1000 kroner for kvar dag fristen er overskriden.

Informasjon og søknadskjema

På Landbruksdirektoratet sine sider finn du søknadsskjema og meir informasjon om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket

Søk om produksjonstilskot via Altinn

Kontaktinformasjon

Ola Kvaal
Telefon: 57612724
E-post:  Ola.Kvaal@sunnfjord.kommune.no

Arne Stig Sortevik
57816127
E-post: Arne.Stig.Sortevik@sunnfjord.kommune.no