Sunnfjord kommune

Planlagt stenging av Kjøsnesfjorden bru torsdag-mandag vert avlyst grunna nedbør

Planlagt stenging av Kjøsnesfjorden bru torsdag-mandag vert avlyst grunna nedbør

Kjøsnesfjord bru - Klikk for stort bileteKjøsnesfjord bru Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune Grunna nedbørsmengdene som er meldt denne veka får me dessverre ikkje utført betongarbeidet som planlagt denne veka.

Brua vert ikkje stengd i perioden 17. juni - 21. juni.

 

Det vert teken fortløpande vurderingar, og mot helga set me av nytt tidspunkt ut frå værmeldingane.

Trafikken kan difor passere inntil ny beskjed vert gitt. Brua er innsnevra, og anna vedlikehaldsarbeid vil pågå. Køyr forsiktig forbi!

Beklagar ulempene dette medfører for dykk!

Stengetider for brua