Plan for kultur, frivilligheit og inkludering – høyring

Plan for kultur, frivilligheit og inkludering vert lagt ut til offentleg ettersyn og høyring i perioden 13. september til 25. oktober. 

Kort om planen

Sunnfjord kommune skal lage plan for kultur, frivilligheit og inkludering 2023-2030. Plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv blir integrert i denne planen. Vi vil konkretisere kor vi skal vere i 2030 og korleis vi vil nå måla. Prosjektgruppa er tverrfagleg og består av representantar frå kultur- og idrettsliv, frivilligheit og integrering i Sunnfjord kommune, og vi vil invitere innbyggarane til å gje innspel til planen. Målet er å bli ferdig til juni 2023 for framlegg i kommunestyret i september 2023.  

Kommunestyret har i februar 2022 vedtatt kommuneplanen sin samfunnsdel som viser retning for Sunnfjord kommune. Når vi nå skal skrive plan for kultur, frivilligheit og inkludering, er det denne som setter premissene for innhaldet. Planen er for kvardagslivet i Sunnfjord. Fokusområdet er:

  • Sunnfjord som kulturelt tyngdepunkt
  • Stimulere til auka frivillig innsats
  • Inkluderande kommune og skape gode kvardagsliv

Samfunnsplanen seier vi dette om korleis vi skal ha det i 2030

  • Vi har lokale tilbod for idrett, kultur og rekreasjon I heile kommunen, som gjer det lett å leve sunne og gode liv.
  • Vi skal vere ein inkluderande kommune og ha gode bumiljø
  • Vi har styrka og utvikla posisjonen vår som kulturelt tyngdepunkt i Vestland fylke.

 Planen skal gå i perioden 2023-2030

Les og om kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv som er ein del av plan for kultur, friviligheit og inkludering 

Sjå viktige dokument i saka

Sei di meining innan 25. oktober

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 25.oktober.

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:

Send innspel til SAK 23/9643

Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 23/9643

Har du spørsmål?

Du kan ringe eller sende e-post til Anita Nordheim om det er noko du lurer på.Lovverk

Sjå innkomne innspel og dokument i saka

Her finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspela som er sendt inn.