Parkeringsordning i sentrum sør

Kommunen vil opne parkeringsanlegg i veke 37. Dette for å sikre nok parkeringsplassar i sentrum sør. Parkeringsanlegget er planlagt i samarbeid med Førde Sør og Førdepakken. 

Kommunen har ikkje mål om å tene pengar på dette. Eit eventuelt overskot vil gå til videreutvikling av parkeringstilbodet.

Anlegget omfattar 63 parkeringsplassar, av desse er fire reservert for forflytningshemma. Det nye systemet er heilautomatisk. Kamera vil registrere inn- og utkjøringstidspunkt, og du betalar for medgått tid. Betaling kan du gjere på nett https, i EasyPark-appen eller via automat på plassen. Om du ikkje betaler for parkeringa, vil du få tilsendt faktura med fakturagebyr i etterkant.

Dette kostar det å parkere

Den første timen parkerer du gratis. Det må betalast for medgått tid, ikkje pr. påbegynte time. Dvs. at parkering i 1,5 time mellom kl. 09:00 og 16:00 vil koste kr 10. For parkering i 2,5 timer i same tidsrom, kostar det kr 45.Ønske er å skape sirkulasjon, og at ingen blir ståande lenge. Parkeringa er tenkt til korttidsparkering.

Avgifta er gjeldande på kvardagar klokka 09.00–16.00.

Ordninga gjeld 63 parkeringsplassar. Resten av dei offentlige parkeringsplassene i sentrum sør er ikkje omfatta av ordninga, og kan framleis nyttast fritt. Etableringa av ordninga må sjåast i samanheng med at det er oppretta langtidsparkering på Festplassen, slik at dei som skal parkere heile dagen framleis har eit parkeringstilbod.

Vi oppfordrar alle som jobbar i sentrum sør om å nytte Festplassen til dagparkering, slik at også dei avgiftsfrie plassane i bydelen kan nyttast av kundar til dei som driv næring.

Vi oppfordrar også dei som kan gå, sykle eller nytte kollektivtransport om å gjere det.

Vilkåra kan bli endra om plassane er for mykje eller for lite brukt. Det er kommunen som er operatør for ordninga.
Bakgrunnen for ordninga er ønske frå grunneigarar og næringsdrivande i sentrum om å sikre nok parkering i sentrum sør. 

Meir informasjon om parkeringsordninga (PDF, 435 kB)

Sunnfjord kommune