Sunnfjord kommune

Påmelding til Dans Uten Grenser våren 2020

Påmelding til Dans Uten Grenser våren 2020

Klikk for stort bilete Eli Britt Danielsen  Vi har nokre få ledige plassar våren 2020 på Dans Uten Grenser i Førde. 

Påmeldingsfrist 30. januar 2020

Det er eit avgresa tal plassar på enkelte grupper. Vi har ei elektronisk påmelding som vil gi deg automatisk beskjed om det er fullt på den gruppa du ønsker. Du kan likevel sette deg opp på venteliste. Vi tek inn nye elevar frå ventelista så snart vi ser det er ledig. Du vil få ein SMS frå oss om du får plass.   

Påmelding til Dans Uten Grenser våren 2020

Om Dans Uten Grenser Førde

Dans Uten Grenser held til på Skrivarløa, og tilbyr danseundervisning til jenter og gutar frå 1. klasse i grunnskulen og til og med 3. klasse i vidaregåande skule. Dans Uten Grenser er ein inkluderande organisasjon som er drifta av frivillige ung- instruktørar i alderen 13–19 år.

Opplæringa av instruktørar og instruktøren sitt arbeid er basert på ung- til-ung formidling, der unge sjølv lærer opp andre barn og unge innanfor koreografi og danseteknikkar, samstundes som dei skal vere gode rollemodellar med gode verdiar og haldningar. Målet er å gje barn og unge danseglede og meistringsevne. Elevane får vere med på ei framsyning i Førdehuset kvart semester, der elevar saman med instruktørane får vist fram kva dei har jobba med.

Reglar om påmelding og opptak

Hovudopptaket hadde påmeldingsfrist 20. august, men vi har nokre ledige plassar våren 2020. Du har høve til å sette deg på venteliste dersom gruppa er full.  Prioriteringane skjer etter kva plass du har på ventelista.

Har du fått plass og delteke meir enn to gongar må heile semesteravgifta betalast. Har du gløymt å seie opp plassen innan 15. mai må du betale heile haustsemesteravgifta. Elevar som har plass treng ikkje søke på nytt kvart år. Vaksenleiar har ansvar for opptaket.

Oppseiingsfristar

Oppseiingsfrist før neste semester: 15. mai og 15. november 

Oppseiing av plass - Dans Uten Grenser Førde

Pris kvart semester 

1.–8. klasse: 600 kroner for 1 time  
9. klasse– vidaregåande elevar: 650 kroner for 1,5 time.   

Har du spørsmål om Dans Uten Grenser i Førde?

Ta kontakt med:

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram: dug_karma