Orientering om framdrift – Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordskulen

Høyringsperioden vert skyvd, og saka vert ikkje  lagt ut til høyring 1. desember. Ny høyringsperiode vert vedtatt av formannskapet 5. desember.

I formannskapet 15.11 vart det gjort vedtak om å legge ut strukturtiltaka på høyring frå 1. desember. I tillegg vart administrasjonen beden om å utgreie ytterlegare tiltak; mellom anna ungdomsskulane som tidlegare ikkje var omtala i tiltaka.

Sande skule er i ein prosess med omfattande rehabilitering og utbygging. Dersom ungdomssteget på Sande vert flytta til Førde sentrum, vil dette byggeprosjektet bli påverka då skulen vil ha eit heilt anna, og noko nedskalert behov. Kommunedirektøren orienterte derfor i dag formannskapet om at ein konsekvens av å legge eit tiltak om ungdomsskule-steget på Sande på høyring, vil gjere til at byggeprosjektet vil bli utsett. Etter denne orienteringa ville formannskapet ha saka tilbake neste møte 5. desember, der det vil bli gjort nytt utleggingsvedtak.

Dette betyr at høyringsperioden også vert skyvd, og at saka ikkje vert lagt ut til høyring 1. desember. Ny høyringsperiode vert vedtatt av formannskapet 5. desember.

Sjå aktuelle lenker