Sunnfjord kommune

Oppdatert informasjon om koronaviruset

Oppdatert informasjon om koronaviruset

Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet Følg råda som kan førebygge smitte: Vask hendene ofte med vatn og såpe, ved hoste bruk anten papirlommetørkle eller host i albogen, og ikkje host mot andre menneske. 

Om koronaviruset

Det er som kjend eit utbrot med eit nytt koronavirus (Coronavirus COVID-19) i område av Kina, som ikkje tidlegare har vore påvist hos menneske. Når slike utbrot oppstår, er ein bekymra for konsekvenser då det ikkje ligg føre immunitet hos menneska. Så langt er det i all hovudsak sentrale delar av fastlands-Kina at ein har påvist viruset.

Utbrotet per 20. februar 2020

Per 20. februar 2020 er det påvist 75 744 bekrefta smitta (av desse 74 595 i fastlands-Kina), og 2 128 døde (av desse 2 118 i fastlands-Kina, 1 på Filipinene, 2 i Hong Kong, 2 i Iran, 1 på Taiwan, 3 i Japan og 1 i Frankrike). Dette tilseier heldigvis ein relativt låg risiko for død på ca 2,5 %. I Norden er det bekrefta 1 smitta i Sverige og 1 smitta i Finland. Dei aller fleste som er smitta har hatt eit mildt sjukdomsforløp. 

Godt førebudd i Norge

I Norge er vi godt førebudd på ein eventuell situasjon med smitte. Det ligg føre gode rutinar, og vi er godt utstyrt. I Sunnfjord kommune er det utarbeidd klare planar på korleis ein skal handtere personar der det er mistanke om mogleg smitte av COVID-19.  

Har du vore i fastlands-Kina?

Har du symptom på luftvegsinfeksjon (sår hals, hoste, feber, sjukdomskjensle) og har vore i fastlands-Kina dei siste 14 dagane eller har vore i nærkontakt med person med påvist smitte med COVID-19, kan du vere smitta.

Opphald andre stader i Asia/Sør-Øst Asia utgjer per no ikkje risiko, då det her er ekstremt få tilfelle av smitte. Er du i risikogruppa, så ring ditt fastlegekontor. Er det utanom vanleg kontortid, så ring legevakta  på 116 117. Du får då snakke med lege som vil vurdere smitterisiko, og planlegge vidare transport, oppfølging og prøvetaking av deg. Inntil du har vore til lege skal du unngå nærkontakt med andre menneske, og unngå bruk av kollektivtransport.

Hand- og hostehygiene viktig

Vanlege smittevernsråd er viktige; vask hendene hyppig med vatn og såpe, ved hoste bruk anten papirlommetørkle eller host i albogen, og ikkje host mot andre menneske. Dette har og ein veldig god førebyggande effekt mot influensa, omgangssjuke og anna som har hyppigare førekomst no i vintermånadane.

Informasjon om koronaviruset

Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet følger nøye med på virusutbrotet. Du vil finne oppdatert informasjon og fakta på dei nasjonale nettsidene: