Sunnfjord kommune

Oppdatering av gardskart i Sunnfjord kommune

Oppdatering av gardskart i Sunnfjord kommune

Oppdateringa av gardskart gjeld areal i dei tidlegare kommunane Førde, Gaular og Naustdal. Jølster vart oppdatert i 2019. 

Klikk for stort bilete  

Oppdatert AR5 i Sunnfjord kommune

NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) har oppdatert AR5 for Sunnfjord kommune i 2020.  AR5 er eit arealressurskart, som viser areal etter arealtype, skogbonitet, treslag og grunnforhold. Det vil seie markslag som dyrka areal, innmarksbeite, skog med meir. 

Kva gjer NIBIO ved periodisk ajourhald?

NIBIO brukar ortofoto/flybilete saman med tidlegare kartlegging, for å sjå om markslaga stemmer overeins med bileta. Der det er feil, oppdaterer dei karta. Typiske oppdateringar er: nybygg, nye vegar, nydyrking osv. Dei oppdaterer også karta, der dyrka areal er attgrodd. Du kan lese meir om periodisk ajourhald her

Er eigedommen min endra?

Du kan sjå om eigedommen din er oppdatert på NIBIO sitt gardskart. Søk opp eigedommen din, og vel «Endring AR5» i vestre hjørne, og hak av for «1. okt. 2019 – no». Her finn du NIBIO sitt gardskart

Frå 1. januar 2020 vart det nye gards- og bruksnummer for Gaular, Jølster og Naustdal. Her finn du dei nye gardsnummera

Kva betyr dette for meg?

For deg som søker om produksjonstilskot, kan det vere lurt å sjekke om det er endringar, før du søker om produksjonstilskot. Dei nye tala er oppdatert i både gardskart og landbruksregisteret, og er grunnlag for arealtilskot.

Har du spørsmål?

Du finn informasjon om periodisk ajourhald på nettsida til NIBIO. 

Dersom du har spørsmål kan du kontakte:

Sjå meir informasjon om kontinuerleg oppdatering av gardskart.