Opning av turveg Jarane-Grimsethmarka

Ordførar Jenny Følling held opningstale for ca. 150 frammøtte. - Klikk for stort bileteOpningstale v/ ordførar Jenny Følling Anne-Grete/Solfrid

Tysdag 10 mai vart den 1, 5 km lange turvegen i Naustdal frå Jarane til Grimsethmarka opna av ordførar Jenny Følling. Det var om lag 150 personar som møtte fram på opningsdagen.

Tysdag 10. mai var det opning av turveg Jarane - Grimsethmarka

 

Naustdal Fram v/Stian Grimseth tek imot 100 000 kroner i tildelte midlar - Klikk for stort bilete Anne-Grete/Solfrid

 Naustdal Fram har fått 100 000 kroner til bord og benkar langs turvegen, og Stian Grimseth tok imot desse.

 

Informasjon om prosjektet

I 2017 tok Stian Grimseth og Stavdalen grendalag initiativ til å få til ein lyssett turveg mellom Jarane og Grimsethmarka, for å gje eitt betre tilbod til syklande og gåande i Naustdal. Kommunen vart kopla på prosjektet og tok etterkvart over ansvaret for å realisere turvegen f.o.m. 2019. Realisering av turvegen har vore utført i nært samarbeid med grunneigarar. Røyseth maskin AS fekk i 2021 oppdraget med å bygge turvegen, og BTG Solenergi AS skal levere solcelledrive gatelys til hausten.

Prosjektet har ei kostnadsramme på 4, 031 millionar kroner, let seg realisere mellom anna som følgje av velvillige grunneigarar som stiller grunn til rådvelde. Turvegen har fått 1, 275 millionar i midlar frå spelemiddelordninga, og betydeleg bidrag frå både Gjensidigestiftinga og  Sparebankstiftinga. Kommunen bidreg med 907 000 til prosjektet. Det er også samla inn over 400 000 kroner i støtte til dei 43 solcelledrive gatelysa til turvegen, der lokale firma har sponsa 1-5 lysmaster kvar. Lysa er planlagt montert hausten 2022. Det er også planar om å etablere nokre rasteplassar langs turvegen.

Turvegen er allereie blitt veldig populær. Vi planlegg å få på plass ein teljar, slik at vi kan kartlegge bruken. Dette vil gje oss eitt godt grunnlag i arbeid med liknande prosjekt.

Bilde frå opningsdagen