Sunnfjord kommune

Opning av skulane for 5. - 10. trinn

Opning av skulane for 5. - 10. trinn

Klikk for stort bileteI veke 20 opnar skulane for elevane på 5.–10. trinn. Vi er svært glad for at elevane kan kome tilbake til skulen.

Tilbodet vil variere mellom skulane

Skulane i Sunnfjord kommune er ulike når det gjeld størrelse og kapasitet.  Dei fleste skulane kan handtere reglane om smittevern sjølv om alle elevane kjem tilbake. Dei største skulane kan ha utfordringar med å handtere reglane,  på grunn av utfordringar med plass og store klassar.

Vi har fått informasjon frå Vestland fylkeskommune om at dei vil ha utfordringar med skysskapasiteten, på grunn av reglane om smittevern ved transport.  Vi arbeider med å finne løysingar, men skysskapasiteten vil legge føringar på skuletida for elevane.

Kvar einskild skule må tilpasse skuleopning og skuleveka etter sine føresetnadar og skyssbehov. Tilbodet vil difor variere mellom skulane. Kvar skule sender ut informasjon om skuletid for elevane. 

Informasjonsskriv til føresette frå kommunalsjef  Åge Stafsnes (PDF, 311 kB)

Informasjon frå Folkehelseintituttet til barnehagar, skular og skulefritidsordningar