Sunnfjord kommune

Opne møte for lag og organisasjonar

Opne møte for lag og organisasjonar

Klikk for stort bilete David Zadig Lurer du på kva tilskotsmidlar lag og organisasjonar kan søke om i Sunnfjord kommune? - eller kva aktivitetskalendaren Friskus er? I august inviterer vi til opne møte der du får høyre meir om tilboda våre og kan stille spørsmål. 

Tid og stad for opne møte i august

  • Naustdal: onsdag 19. august, kl. 19.00–21.00, kulturhuset (Naustdal skule)
  • Førde: torsdag 20. august, kl. 19.00–21.00, festsalen i Førdehuset
  • Skei: måndag 24. august, kl. 19.00–21.00, gymsalen Skei skule
  • Sande: tysdag 25. august, kl. 19.00–21.00, Gaularhallen

Du treng ikkje vere med i lag og organisasjonar for å møte, alle er velkomne!

Program:

19.00 Kulturelt innslag ved Distriktsmusikarane i Sunnfjord

19.05–20.00 Temainnlegg

  • Nærmiljøråda (Vassenden & Skei, Bygstad & Sande, Naustdal)
  • Tenestetorget (Naustdal, Førde, Skei og Sande tenestetorg)
  • Aktivitetseininga presenterer seg og aktivitetskalendaren Friskus
  • Kultur  og Idrett, søknad om tilskotsmidlar og søknad om spelemidlar

20.00–20.30 Pause med enkel servering

20.30–21.00 Temastasjonar Etter pausen går alle vidare til temastasjonar der ein sjølv ønskjer til ca 21.00 eller fram mot 21.30 ved behov.

Vel blant følgjande stasjonar

  • Tenestetorg
  • Friskliv og frivilligsenter
  • Kultur
  • Søknad om spelemidlar 

Vel møtt!