Opnar torgplassen og E39 Fjellvegen 19. september

Torsdag neste veke er det offisiell opning for E39 Fjellvegen og Hafstadvegen med det nye torgområdet i sentrum sør. Opninga markerer starten på ein tre dagar lang folkefest på den nye torgplassen.

Sjølve opninga skjer torsdag 19. september kl.  16.30. Det blir enkel servering (gratis) frå ca. 16.15, så det svarar seg å møte opp i litt god tid. Rockebandet Drusar frå Sunnfjord er hyra inn for å spele på opninga, så her blir det markering med skikkeleg trøkk. Ordførar Jenny Følling står for snorklippinga. Det blir sett opp scene framfor rådhuset ned mot den nye torgplassen,  og Langebruvegen blir stengt for biltrafikk i samband med arrangementa.

Sjå heile programmet på Fordepakken.no