Sunnfjord kommune

Open kontordag om vegprosjekt i Kyrkjevegen

Open kontordag om vegprosjekt i Kyrkjevegen

Klikk for stort bileteSlik ser det ut i Kyrkjevegen i dag.  Statens vegvesen og Sunnfjord kommune inviterer til open kontordag om Kyrkjevegen onsdag 28. oktober.

Det vart varsla oppstart av reguleringsplan våren 2020 for strekninga mellom Angedalsvegen og Elstervegen (Tiltak 18 i Førdepakken). Føremålet er å regulere areal for bygging av fortau.

No er planarbeidet komme lenger og vi har skissert løysingar. Før vi går vidare ynskjer vi å invitere grunneigarar, naboar og andre som er interessert i prosjektet til å komme innom for å få informasjon og utveksle synspunkt på skisserte løysingar.  

Les om planane for Kyrkjevegen her

Vi er å treffe mellom kl. 14.00 og 18.00 i RødeKors-bygget 4.etasje, i Langebruvegen.

Velkommen.

Om denne dagen ikkje høver – ta kontakt så kan vi avtale anna tidspunkt.

Kontaktperson i Statens vegvesen 

  • Magna Vangsnes
  • magna.vangsnes@vegvesen.no
  • Tlf. 57 65 58 53  

Les meir om Førdepakken