Kort om planen
Planområdet inkluderer Sande sentrum og delar av næringsområde langs E39, vest for sentrum. Delar av tidlegare E39 trase er også tatt med, bla. for å planlegge eit meir trafikksikkert kryss ved fv.610, samt sett av areal til teknisk anlegg og fortau langs delar av denne strekninga. Det totale planområde er på kring 570 daa.
Formannskapet vedtok å sende planen til høyring og offentleg ettersyn i møte 15.september 2022.
Planen legg til rette for utvikling av Sande sentrum, samt etablering av eit samanhengande og trygt gang- og sykkelnettverk i og kring sentrum.
Forslag til nytt plankart kan også sjåast digitalt i kommunekart. Utkastet vert synleg ved å aktivisere følgjande kartlag; reguleringsplanar og reguleringsplan forslag.
Vedtak av ny reguleringsplan vil erstatte delar av gjeldande reguleringsplanar
- Øvre Steia (2016)
- E39 parsell Birkeland – Sande (2011)
- Steia (2007)
- Reguleringsplan for Klokkargarden (1998)
- Sande del I (1993)
- Sande nord (1987)
- Sande del II (1979)
- Løfallsfeltet (1973)
Sjå viktige dokument i saka
Dokument i saka
Sei di meining innan 2. november
Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 2. november
Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelige på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentlig tilgjengelig.
Slik sender du innspel
Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:
Send innspel elektronisk til 20/5
Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 20/5
Har du spørsmål?
Du kan ringe eller sende e-post til Patrick Langeland om det er noko du lurer på.
Lovverk
Sjå innkomne innspel og dokument i saka
Her finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspela som er sendt inn.