Sunnfjord kommune

Om besøk i omsorgssentera og omsorgsbustader

Om besøk i omsorgssentera og omsorgsbustader

Klikk for stort bileteDet vert lagt til rette for å kunne ta imot besøk i omsorgssentera og omsorgsbustader, men besøk må alltid avtalast på førehand.

Oppdatert 29. mai 2020

For at vi skal opne opp for besøk, er det særs viktig at alle pårørande/besøkande følgjer dei smittevernråda vi set for besøket. Vi minner om at reglane er der for å beskytte brukarane, som er dei mest sårbare for alvorleg korona-infeksjon.

Følgjande reglar gjeld:

Omsorgssenter og omsorgsbustad

  • Besøk skal vere avtalt med avdelingsleiinginga på førehand. Du kan ringe og avtale besøk måndag–fredag i tidsrommet 08.00–15.00.
  • Det vert ført protokoll over dei som har vore på besøk.
  • Besøk bør skje utandørs om mogleg.
  • Pasient/brukar kan ta imot besøk på rommet dersom kravet til avstand kan oppretthaldast. Besøkande skal då gå direkte til og frå rom. Kan ikkje kravet til avstand haldast, må besøket skje i eige besøksrom. 
  • Besøkande vaskar hendene når dei kjem.
  • Besøkande bør halde 1 meter avstand til pasient/bebuar.
  • Besøkande skal halde 1 meter avstand til tilsette og andre pasientar/brukarar.
  • Besøkande kan ikkje opphalde seg i felles areal, berre gå til og frå pasientrom.
  • Tal besøkande bør avgrensast.
  • Pasient/brukar kan besøke sine pårørande heime, men det skal vere avtalt med avdelingsleiinga på førehand og dei same smittevernreglane gjeld som for besøk i omsorgssenter.

For alle besøkande gjeld følgjande reglar:

  • Pårørande som har symptom på luftvegsinfeksjon skal ikkje kome på besøk.
  • Gode rutinar for handvask før og etter besøk.
  • Besøkande må halde reglar om avstand; direkte fysisk kontakt kan vurderast, men nær ansikt-til-ansikt-kontakt bør unngåast. Om det skjer, er det viktig med god handhygiene etterpå.
  • Personalet har høve til å vise vekk pårørande med symptom på luftvegsinfeksjon, eller som ikkje følgjer reglane for hygiene og avstand.
  • Dersom besøkande får symptom på luftvegsinfeksjon dei første dagane etter besøk, må dei melde frå til avdelingsleiinga