Sunnfjord kommune

Om besøk i omsorgssentera og omsorgsbustader - oppdatert 26. oktober

Om besøk i omsorgssentera og omsorgsbustader - oppdatert 26. oktober

Klikk for stort bileteDet vert med dagens smittesituasjon lagt til rette for at pasient og brukar i omsorgssenter og omsorgsbustadar kan ta imot meir besøk. 

Informasjon til eksterne aktørar og frivillige om besøk i omsorgssentera og omsorgsbustader

For at vi skal opne meir opp for eit slikt tilbod, er det særs viktig at alle som kjem inn på institusjonen følgjer dei smittevernråda vi set for besøket. Vi minner om at reglane er der for å beskytte brukarane, som er dei mest sårbare for alvorleg korona-infeksjon. Oppstår det på ny ein situasjon med påvist smitte i området, vil kommunen måtte stramme inn på dette tilbodet.

Følgjande reglar gjeld: 

Omsorgssenter og omsorgsbustad i bufellesskap

  • Behovet til den einskilde brukar skal vere vurdert opp mot nytte og risiko, og avtalt med avdelinga på førehand.
  • Det skal førast  besøksprotokoll over alle som har vore på besøk ved institusjonen.
  • Besøkande skal då gå direkte til og frå det rommet aktiviten skal føregå.
  • Bransjestandard for smittevern for den einskilde aktør skal følgast.
  • Besøkande bør halde 1 meter avstand til pasient
  • Besøkande skal halde minst 1 meter avstand til tilsette og andre pasientar/brukarar

For alle besøkande gjeld følgjande reglar

  • Personer som har symptom på luftvegsinfeksjon skal ikkje kome på besøk.
  • Gode rutinar for handvask før og etter besøk.
  • Besøkande må halde reglar om avstand; direkte fysisk kontakt kan vurderast, men nær ansikt-til-ansikt-kontakt bør unngåast. Om det skjer, skal hender vaskast etter berøringa.
  • Personalet har høve til å vise vekk personer med symptom på luftvegsinfeksjon, eller som ikkje følgjer reglane for hygiene og avstand.
  • Dersom besøkande har vore på reise i Oslo-området eller utlandet, kan dei ikkje komme inn på omsorgssenteret før 10 dagar etter heimkomst.
  • Dersom besøkande får symptom på luftvegsinfeksjon dei første dagane etter besøk, må dei melde frå til avdelingsleiinga.