Sunnfjord kommune

Om besøk i omsorgssentera og omsorgsbustadar

Om besøk i omsorgssentera og omsorgsbustadar

Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet Det er innført besøksrestriksjonar for personar som har vore på reise i Bergen, Oslo og Viken. 

Besøksrestriksjonar 

Det er for tida mykje koronasmitte i enkelte område i Noreg. Vi må gjere det vi kan for å unngå at pasientar og bebuarar i omsorgssentera og i omsorgsbustadane vert utsett for smitte. Pårørande eller andre som har vore på reise i områda Bergen, Oslo og Viken kan ikkje komme på besøk i omsorgssenteret før 10 dagar etter heimkomst

For pårørande som bur i desse områda og er på besøk i Sunnfjord kommune kortare enn 10 dagar, kan få dispensasjon til å besøke pasient/brukar i omsorgssenter eller omsorgsbustad dersom:

  • Dei er friske og utan symptom på luftvegsinfeksjon.
  • Har fersk koronatest som er negativ.
  • Er kjend med gjeldande smittevernreglar og følgjer desse.

For alle besøkande gjeld følgjande reglar:

  • Pårørande som har symptom på luftvegsinfeksjon skal ikkje kome på besøk.
  • Gode rutinar for handvask før og etter besøk.
  • Besøkande må halde reglar om avstand; direkte fysisk kontakt kan vurderast, men nær ansikt-til-ansikt-kontakt bør unngåast. Om det skjer, er det viktig med god handhygiene etterpå.
  • Personalet har høve til å vise vekk pårørande med symptom på luftvegsinfeksjon, eller som ikkje følgjer reglane for hygiene og avstand.
  • Vi ber om at besøkande melder frå til avdelingsleiinga dersom de får  symptom på luftvegsinfeksjon dei første dagane etter besøket.