Sunnfjord kommune

Ole John Østenstad går av som kommunedirektør

Ole John Østenstad går av som kommunedirektør

Ole John Østenstad, kommunedirektør - Klikk for stort bileteOle John Østenstad, kommunedirektør Reiakvam foto Ole John Østenstad informerte i dag kommunestyret om at han går av som kommunedirektør for Sunnfjord kommune.

Ole John Østenstad si tale til kommunestyret 23. september

Eg har ein sjef - kommunestyret.  Det er derfor naturleg at eg først informerer dykk om at eg no ønskjer å tre tilbake som kommunedirektør.
 
Det siste halvåret har eg hatt ein dialog med ordføraren, assisterande kommunedirektør og personalsjefen om kva som ville vere eit høveleg tidspunkt.  I november blir eg 65 år, og for meg er det ein høveleg alder for å slutte.  Når eg søkte og fekk stillinga som kommunedirektør i Sunnfjord kommune, var tanken at eg hadde lyst til å vere med på prosessen med  å omdanne dei fire kommunane til ein ny organisasjon.  Samanslåingsprosessen er langt i frå over, men vi går no inn i ein ny fase og eg meiner at nye krefter bør ta over leiinga.
 
Som de veit får vi også skifte i den politiske leiinga, og både ny politisk leiing og administrativ leiing kan gje energi og ny kraft til det krevjande arbeidet vi står framfor i den nye kommunen.
 
Når eg no vel å slutte i stillinga som kommunedirektør, så har det altså ikkje noko med Stortingsvalet og endringar i den politiske leiinga i Sunnfjord kommune å gjere.  Heller ikkje at eg ikkje trivst eller likar jobben min.  Snarare tvert om. Dette er den mest spennande jobben i vårt område, men også ein av dei mest krevjande.
 
Eg har bak meg 33 år som assisterande rådmann og rådmann i Førde kommune, prosjektleiar for samanslåinga og så kommunedirektør. Dette har vore 33 utruleg spennande år, og eg kjenner meg veldig privilegert som har fått lov til å vere med på arbeidet med å utvikle samfunnet i Førde og Sunnfjord kommune i desse åra.
 
For meg er det sjølvsagt vemodig å ikkje lenger skulle arbeide med alle dei spennande sakene og utviklingsoppgåvene i Sunnfjord kommune, med dei flinke og arbeidssame tilsette, med oppriktig engasjerte politikarar som verkeleg bryr seg - og med alle innbyggarane i Sunnfjord kommune. Eg har sett stor pris på å samarbeide med dykk som er lokalpolitikarar - det var kanskje dette eg var mest spent på ved den nye kommunen, men Sunnfjord kommune har etablert eit godt politisk klima basert på tillit og samarbeid, og der samarbeidet mellom administrasjon og politikk fungerer slik det skal gjere i ein god kommune. Og utan det gode samarbeidet mellom det politiske systemet og administrasjonen, dei konstruktive og profesjonelle tillitsvalde og dei dyktige tilsette, hadde kommunesamanslåinga i Sunnfjord ikkje vorte så vellukka som den er blitt.
 
Det blir no sett i gang ein prosess med å rekruttere ny kommunedirektør, og eg har avtalt med ordførar, varaordførar og Lise Mari at eg fungerer fram til den nye kommunedirektøren er på plass. 
Eg ønskjer lukke til med arbeidet med å rekruttere ny kommunedirektør.