Nytt frå kommunedirektøren 27. september 2024

Overskrifter denne veka: Stram kommuneøkonomi krev tiltak.  Tilskot til gode tiltak for innbyggarane våre.  Tilskot til offentleg doktorgrad. Endeleg Vestlandslegen. Vil du vere med i jakta på stjernene? Møte med Statsforvaltaren om Sunnfjord kommune. Viksdalen formar framtida.

Stram økonomi krev tiltak

Økonomien i kommunen er særs krevjande.  Dersom vi ikkje set i verk tiltak kan vi kome til å bruke over 70 millionar kroner meir enn vi har budsjettert.  Då vil vi måtte nytte av sparepengane (fond) for å finansiere eit meirforbruk.  Det er ikkje sunn forvalting av dei økonomiske ressursane våre.

Eg orienterte difor kommunestyret i går om at vi med verknad frå i dag må gjere følgjande:

  • Innleige av vikar og ekstravakter vil bli strengt regulert.
  • Bruk av overtid vil bli strengt regulert.
  • Innkjøp utover heilt nødvendige budsjetterte utgifter vert å godkjenne av kommunalsjef
  • Reiser som medfører kostnader for kommunen vert å godkjenne av kommunalsjef.  Avtalte kostnader til reise, kurs, markeringer vert gjennomført.
  • Kommunalsjef skal vurdere om alle ledige stillinger kan stå vakant.
  • Reinhald blir redusert og prioritert for sårbare brukargrupper.

Dette er tiltak som er heilt nødvendige ut frå den økonomiske stoda vår.  Samstundes ser arbeidsgrupper på meir permanente tiltak som vi må gjennomføre for å ta ned drifta i kommunen.  Vi driv rett og slett for dyrt.  Vi vil først orientere dei folkevalde om moglege tiltak. Dei tillitsvalde tar del i dette arbeidet.  Vi vil kome med meir informasjon om dette så snart som råd.

Tilskot til gode tiltak for innbyggarane i kommunen

Sunnfjord kommune har fått innvilga tilskotsmidlar på nesten 700 000 frå Vestland fylkeskommune til gode tiltak for innbyggarane i Sunnfjord. 188 800 til Den kulturelle spaserstokken som er kulturelle opplevingar til vaksne på institusjon og omsorgsbustadar, samt 500 000 kroner til berekraftig samfunnsutvikling og prosjektet Elvehagen på Vassenden.  Gode tiltak for folkehelsa i Sunnfjord.

Elvehagen på Vassenden byggjer på ei moglegheitsstudie som vart utarbeidd av Asplan Viak i 2021. Kort fortald handlar det om å utvikle Vassenden-området med utgangspunkt i dei fysiske føresetnadane elv, kraft, fisk og folk. Utvikling av området har jo alt starta. Tilskotet vil såleis bli nytta til ei realisering av dei planane som alt ligg der. Du kan lese meir om dei på heimesida vår.

To millionar til offentleg doktorgrad

Norsk forskingsråd har tildelt Sunnfjord Kommune 2 000 000 i støtte til offentleg doktorgrad. Prosjektleiar for skulefråværsprosjektet, Cecilie Udberg-Helle, er innvilga opptak ved doktorgradsprogrammet ved Universitetet i Sørøst-Norge. Doktorgradsarbeidet vil ta utgangspunkt i kommunen sitt skuefråværsprosjekt, og du kan lese meir om det på Forskningsrådet sine sider.

 Vi både takkar og gratulerer Cecilie med opptaket og ønskjer ho lykke til med doktorgradsarbeidet.

Vestlandslegen til Førde

Bilde av Oddmund Hoel, Jenny Følling og Erling Sande der Oddmund og Erling skjerer eitt stykke av ei kake - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Onsdag denne veka fekk vi besøk av statsrådane for forsking- og høgare utdanning, Oddmund Hoel, og kommunal- og moderniseringsminister, Erling Sande. Dei var her for å presenterte om at regjeringa vil starte opp Vestlandslegen i Førde. Det betyr i første omgang at det kjem 20 nye studieplassar innan medisin til Førde.  Til våren 2025 vil altså våre ungdommar kunne søke på medisinutdanninga ved Universitetet i Bergen (UiB) med studiestad Bergen/Førde.  Etter kvart vil vi ha 60 medisinarstudentar i Førde kvart år. 

Vestlandslegen er ei desentralisert medisinutdanning der studentane tar dei tre første åra på Universitetet i Bergen og dei tre siste i Førde. Ordninga er allereie starta opp i Stavanger. Haugesund vil også bli ein del av den desentraliserte ordninga. 

Legedekninga i distrikta har vore utfordrande. Det er også situasjonen for oss i vår region og på Vestlandet. Vestlandslegen vil vere særs viktig for å sikre at kommunane får fastlegar og behalde dei. Utfordringa er nemleg også slik at mange av fastlegane ikkje blir verande, men reiser vekk etter få år. Vestlandslegen vil òg vere viktig for rekruttering av legar til sjukehusa våre. 

Ei medisinutdanning knytt til Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet sine utdanningar på Campus Førde, vil òg kunne vere positiv med tanke på medisinsk forsking, auka helsetilbod i regionen, skape nye arbeidsplassar t.d. innan helseteknologi, og betre folkehelse som følgje av auka merksemd om generell helse og livskvalitet. 

Sunnfjord kommune har saman med UiB, Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde arbeidd lenge med å få på plass Vestlandslegen. No kjem den!

Jakta på stjernene

kart over Førdesentrum med stjerne stadane markert - Klikk for stort bilete Tomine Furelid

Vil du vere med å påverke Førde sentrum si utvikling? Jakta på stjernene er eit prosjekt knytt til Førde sin sentrumsplan. Vi vil lage eit sentrum kor du er involvert og får seie di meining. Dette er for at vi saman kan skape eit sentrum alle trivast i og har glede av!

Neste gong du er i sentrum og handlar eller er ute og går ein tur, sving innom ei eller fleire av dei ni stjernene vi har plassert rundt om i sentrumskjerna.

Klarer du å finne alle? Du har tida fram til 17. november å delta i jakta.  Leit deg fram til dei ulike stjernene. På staden finn du eit stjerneskilt med ein QR kode. Du scanner den med kamera på mobiltelefonen din, og den tek deg til eit spørjeskjema.  Du kan gå ein tur innom alle stjernene på ein dag, eller ta nokre stjerner i forbifarta. Jakta på stjernene er laga slik at den kan passe for alle aldrar. 

Du kan lese meir om den originale jakta her.

Møte med statsforvaltaren om Sunnfjord kommune

Bilde viser folk som sit i møte - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Torsdag i førre veka hadde vi eit møte med statsforvaltaren og nokre frå embetet sine stabar.  Føremålet med møte var først og fremst at statsforvaltaren skulle melde frå til oss om korleis dei ser på den kommunale drifta vår.  Frå kommunen stilte formannskapet og delar av den administrative leiinga i kommunen.

Gjennomgangen var delt inn i 14 ulike tema. I så måte speglar tema stort sett det ein kommune driv med.  Det kjekke var at vi etter statsforvaltaren sitt syn ikkje er svake på nokon av desse 14 tema.  Vi er middels god på ni av dei og god på fem.  Det tenker eg er ei god kvittering å få for alle dei tilsette som kvar dag går på jobb for å gjere Sunnfjord til ein betre kommune å bu i.

Dei fem vi fekk best tilbakemelding på var områda barnevern, kommunal planlegging, sosialtenesta, grunnskule og landbruk. I tillegg noterte vi oss at det på fleire  området skal lite til for å kome i den beste kategorien.  Det skal vi arbeide vidare med både i politikken og i administrasjonen.  Alt i alt; folkens – gå rakrygga!

Viksdalen formar framtida

Bilde viser folk som sit rundt eitt bord, på bordet er det eit kart, gule lappar med tekst. - Klikk for stort bilete Torstein Hatlestad

Måndag denne veka var nærare 60 samla til avspark for moglegheitsstudie for Vikja. Ei god blanding frå 3 år og oppover, spesielt kjekt å sjå alle dei unge som no engasjerer seg for felles framtid.

Viksdalen nærmiljøråd ved leiar Torstein Hatlestad opna dagen med bakgrunn og viktigheita av studiet, og Arki arkitekter losa forsamlinga flott gjennom dagen. Det kokte av idear og engasjement i salen, og det var stappfulle kart med lappar og praten gjekk i eitt . Slik skal det være!

Ideane og innspela vert no samla inn og sortert av Arki arkitekter, og vi skal fortsatt ha eit fokus på innspel fram til neste samling. Det kjem snart meir informasjon om korleis du kan sende det inn. Dette var energigivande, verkeleg engasjerande og var heilt i toppen av det vi ønskte å få til i dag.

Takk til alle som bidrog på alle vis, dette var kjekt!

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje.  Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

 God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør

 



 

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66