Nytt frå kommunedirektøren 24. mars 2023

Kva bygg eller anlegg fortener ein byggeskikkpris.  Kom i form med Sprek i Sunnfjord kommune.  No kan du til og med trene i arbeidstida.  Ei skikkeleg gladsak vert kjend på måndag.  Då må du følgje med på heimesida vår.

Den første byggeskikkprisen i Sunnfjord 

I fjor i mai budde eg på Sunnfjord hotell. Det var før eg skulle tiltre stillinga i Sunnfjord. Hadde rom i den nye spa-avdelinga med utsikt mot nordre del av Indre-Øyrane, Løken og vidareføringa av Langebruvegen.  Ein nydeleg vårdag. Sola inn frå aust. Eg såg ut glaset og tenkte; kor vakkert!  Hadde nokon sagt at ein florøværing skulle kome med eit slikt utsagn om Førde, trur eg vedkomande samstundes hadde blitt oppmoda om å kontakte fastlegen.  

Som følgje av den ruvande utviklinga i Førde, er byen i ferd med å skifte karakter.  Vi treng ikkje snakke om dei bygga vi vil rive, men samle oss om dei vi tykkjer er fine. Vi skal dele ut den første byggeskikkprisen i Sunnfjord. Sei meininga di!

Etter at eg byrja som direktør i kommunen ser eg fleire nye bygg og anlegg.  I heile kommunen. 
Byggeskikkprisen er ny av året, og har tidlegare berre vore utdelt i Førde av dei samanslåtte kommunane. Frist for å kome med framlegg til kandidat er 1. april.

Prisen er oppretta for å heve, fornye og utvikle byggkvaliteten i kommunen, der kvalitetane er knytt til miljø, klima, tilgjenge og byggeskikk. Samla skal kvalitetane bidra til gode bygg for brukarane og samfunnet.

Har du eit bygg eller anlegg som du kunne tenke deg å spele inn?

Les meir om Byggeskikkprisen og send innspel

Kom i form med Sprek i Sunnfjord kommune

Utsikt frå Tindefjellet i Jølster - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Eg hugsar at eg i Nytt frå kommunedirektøren 17. februar fortalde om at pensjonert gymnastikklærar Magnus Hope oppmoda oss om å legge betre til rette for fysisk fostring.  OK, la oss byrja i det små. Difor vil vi også i år invitere tilsette og folkevalde til å delta i Sprek i Sunnfjord kommune. Det er eit tiltak for å aktivisere oss alle ved at du samlar poeng på i alt 279 elektroniske turmål i eigen og kringliggande kommunar. Turmåla er aktive i tida 1. april – 31. oktober, og du kan allereie no melde deg på. Eg ser at så langt så har 56 tilsette gjort det. Vert du nummer 57?

I og med at kommunedirektøren har tenkt å melde seg på, vil vi vere litt rause med poenga i år.  Du vil nemleg få poeng om du går, eller syklar til jobben. Det er fordi arbeidsplassen din er registrert som turmål. Hiv deg rundt!

Trening i arbeidstida 

Person på gåmølle - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Det vert mykje om fysisk trening i denne utsendinga.  Det kjem som følgje av fleire gode idear og tiltak.  No kan du trene medan du til dømes sakshandsamar.  

Trening i arbeidstida er eit godt folkehelsetiltak, og det er fint om det kan gjerast medan den tilsette faktisk jobbar. Torsdag denne veka fekk eg lov til å klippe snora for tiltaket satt i gang av fagutvikling her på rådhuset. Nå skal dei trene i arbeidstida, medan dei jobbar. Mykje stillesitting er ikkje bra, så her har dei tatt i bruk gåmaskin, eller tredemølle som nokon kallar det. Målet er auka aktivitet i kvardagen  og førebygge alle dei plagar ein kan få ved å sitte mykje stille foran PC, og på sikt unngå sjukemeldingar på grunn av det. Dersom det vert ein suksess, kan vi også sjå på andre gode idear som til dømes løysingar som sykkelstol og stepmaskin.   

Vinnaren er Sunnfjord kommune – sjå heimesida vår på måndag!

For vel ei veke sidan fekk eg ei fantastisk hyggeleg melding.  Sunnfjord kommune vert kåra til noko vi er best i landet på.  I tevling med andre kommunar og fylkeskommunar. Eg vart kry!  Stolt på vegner av alle dei som har arbeidd medvitne om desse oppgåvene.  Dei som ofte utfordrar oss på nettopp det vi no vert rosa for. Dei folkevalde har også peika på at vi av og til burde skjerpe oss litt i denne disiplinen. 

Kjære folk, er det noko meining i å skrive om dette no, utan å seie kva det handlar om?  Ja, det er det!
Måndag sender vi to personar til Oslo for å ta i mot utmerkinga på vegner av kommunen.  Litt ut på føremiddagen kan du gå inn på heimesida vår.  Då vil du skjøne kvifor vi vert stolte. 



God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66