154 flyktningar til Sunnfjord i 2022
I 2022 mottok kommunen 154 flyktningar. 128 av dei kjem frå Ukraina. Før jul vedtok kommunestyret at vi skal busette 160 nye flyktningar i kommunen i 2023. Det er i samsvar med oppmodinga vi fekk frå Inkludering- og mangfaldsdirektoratet (IMDI). Flyktningetenesta i kommunen gjer ein flott jobb med sjølve busettinga av dei som kjem, men vi må vere ærlege på at å skaffe nok bustader er ei utfordring. Vi håper difor at dei som rår over ledige husvære er villige til å leige desse ut til nokon som sårt treng det. Vi vil difor i tida som kjem ha eit ekstra fokus på korleis vi kan auke tilgangen på bustader. For flyktningane er ein fast stad å bu ei god ramme for å starte livet på ein ny stad, både med omsyn til å kome seg i arbeid, men også å byrje i ein barnehage eller skule.
Før jul etterspurde kommunestyret om vi kan gjere noko ekstra for dei flyktningane som kom til Sunnfjord i 2022. Vi vil difor seinare i februar arrangere ein velkomstmiddag for dei som har kome som flyktningar til kommunen vår etter at den vart skipa (2020).
Folkemøte om kommuneplanen sin arealdel
Kommunestyret vedtok før jul å legge kommuneplanen sin arealdel ut på høyring. I høyringsperioden vil kommune arrangere ei rekke folkemøte. Der vil vi informere om sjølve planen og samstundes svare på spørsmål og ta i mot kommentarar som kan kome. Føremålet med høyringa er å ta i mot synspunkt og innbyggarane sine meiningar om planen.
Innspel som medfører vesentlege endringar av planframlegget vil det ikkje vere rom for no. Det må eventuelt kome i første rullering av planen. Folkemøta vert arrangert i samarbeid med nærmiljøråda i kommunen. Innleiingsvis i møta vil dei få høve til å presentere rådet og informere meir om kva dei ser som viktige saker for sine nærområde. Frå kommunen vil ordførar, kommunedirektør og tilsette frå planavdelinga delta. Folkemøta vert arrangert i Bygstad, Sande, Viksdalen, Vassenden, Skei, Førde, Naustdal og Vevring. Sjå lokal annonsering for detaljar. Vi ønskjer sjølvsagt at så mange som mogeleg finn interesse i å møte opp på desse folkemøta.
Kommuneplanen sin arealdel handlar faktisk om kva vi vil bruke areala våre til i framtida. I så måte er det kanskje ein av dei viktigaste planane for oss som innbyggarar i kommunen.
Kommunestyret handsama 128 saker i 2022
I fjor handsama kommunestyret 128 saker. Dersom vi ser på tal saker i alle råd og utval så handsama den politiske verkstaden i Sunnfjord 830 saker i løpet av fjoråret. Det er rett nok saker som vert handsama i fleire utval, men i den politiske avgjerdskjeda er det også ulik representasjon av folkevalde og medlemer vald av folkevalde. 830 saker er mange saker og fortel om eit aktivt politisk miljø i kommunen vår.
Nye einingsleiarar
Stein Mortensbakke byrja som einingsleiar for SysIKT 1. januar i år. Han har vore tilsett i eininga i fleire år og får no ansvaret for avdelinga i samband med at Åge Klausen går av med pensjon.
Bjørn Henning Solheim er konstituert som ny einingsleiar for Førde bu- og miljøteneste, eining 2. Han vil tiltre stillinga 1. februar i år og vil vere konstituert til 1. februar 2024.
Karete Kvammen er tilsett som einingsleiar for Kjøkkentenesta. Ho er tilsett i Hyllestad kommune i dag. Karete vil byrje i stillinga 1. februar.
Eg gratulerer Stein, Bjørn Henning og Karete med tilsettinga og ønskjer dei lukke til med nye utfordringar.
God helg til alle!
Terje Heggheim
Kommunedirektør