Sunnfjord kommune

Ny utviding av stenging - vegen frå Skjæret 10 til krysset mellom Skjæret 2 og Steinavegen 27

Ny utviding av stenging - vegen frå Skjæret 10 til krysset mellom Skjæret 2 og Steinavegen 27

Bilde viser stengt vegområde Skjæret 10 til krysset mellom Skjæret 2 og Steinavegen 27 i kart  - Klikk for stort bileteStengt vegområde Skjæret 10 til krysset mellom Skjæret 2 og Steinavegen 27 Skjermbilde frå Norkart

Det viser seg at vi må skifte ut gatelysanlegget på dette strekket samt at vi har fått tele i massane i vegen som skapar nokon utfordringar. Dette fører til at vi må utvide stenginga av vegen etter fredag 25.november og fram til fredag 9. desember kl. 15.00.

Arbeid på vegen frå Skjæret 2 til Skjæret 10

Vi er no ferdig med legging av nye VA-leidningar frå Skjæret 2 og opp forbi Skjæret 10.

Det viser seg at vi må skifte ut gatelysanlegget på dette strekket samt at vi har fått tele i massane i vegen som skapar nokon utfordringar. Dette fører til at vi må utvide stenginga av vegen etter fredag 25.november og fram til fredag 9. desember kl. 15.00.

Vi ønskjer å få asfaltert vegen før vinteren men grunna kulden som har vore med tele i bakken er vi avhengig av ein periode med mildvær for å kunne få asfaltere vegen før vinteren.

Huseigarar som blir råka av stenging av tilkomstvegen til huset sitt vil bli varsla spesielt.

Det vil bli passering for gåande.

Ringbussen vil ikkje kunne passer i dette tidsromet men det er alternative busshaldeplassar i området som kan nyttast.