Sunnfjord kommune

Ny nettside for Sunnfjord kommune

Ny nettside for Sunnfjord kommune

Klikk for stort bileteFrå i dag 16. desember 2019 vil nettsida for Sunnfjord kommune vere i drift.

Ny nettside 

Vi håpar på ein smidig overgang til Sunnfjord kommune og har difor valt å lansere dei nye nettsidene nokre veker før 1. januar 2020. Mykje er på plass, men ikkje alt. Vi håpar difor på tolmod frå deg som brukar sidene denne første tida. 

Dette kjem

Dagens nettside er første fase, og meir utvikling innan sjølvbetening og digital dialog kjem. Vi har mellom anna lagt til «Mi side», der kan du logge inn og få tilgang til fleire digitale tenester. Her vil det kome meir innhald i løpet av 2020. 

Finn eg dei gamle nettsidene?

Dei gamle nettsidene for Førde, Gaular, Jølster og Naustdal skal leggast ned, men dette skjer ikkje før 2. januar 2020. Nettsida prosjektsunnfjord som har fungert i prosjektperioden vil òg leggast ned.  

Digitale tenester er under omlegging 

Det vil vere ein overgangfase der digitale tenester vert stengt før vi opprettar nye mottak i Sunnfjord kommune. 

Sjå oversikt over tenester som blir berørt ved overgang til ny kommune. 

Vi treng dine tilbakemeldingar

For at nettsida skal bli best mogleg, vil vi gjerne høyre frå deg. På sidene våre står det "Fann du det du leita etter?" Trykk "ja" eller "nei" og sei kva du meiner. Tilbakemeldingane er anonyme, du gir ikkje frå deg kontaktinformasjon. Dette vil vere til stor hjelp for oss!