Sunnfjord kommune

Norge går over til normal kvardag med auka beredskap.

Norge går over til normal kvardag med auka beredskap.

Frå 25.september går Norge over til normal kvardag men med auka beredskap. FHI sine råd ved luftvegssymtom etter gjenopninga.

Nokon av dei viktigaste endringane frå 25.september

Oversikt over endringane 

🔸 Ein-meters-regelen gjeld ikkje lenger.

🔸 Begrensningane på kor mange som kan være saman på arrangement og samlingar opphøyrer.

🔸 Innslippsstopp og krav om bordplassering på serveringsstadene forsvinn.

🔸 Dei aller fleste bransjestandardane og smittevernveilederar forsvinn.

🔸 Trafikklysmodellen er ikkje lenger eit nasjonalt tiltak, men kan vidareførast eller gjenopptakast om kommunar meiner det er nødvendig og formålstenleg med smitteverntiltak i skular og barnehager.

🔸 Innreiserestriksjonane vert gradvis trappa ned gjennom tre fasar

Sjå meir om dei tre fasane

Råd ved luftvegssymtom etter gjenopninga.

Ver obs på at kommunane fortsatt kan vedta lokale forskrifter ved behov, og vi må isolere oss viss vi har covid-19. Vi må også fortsette med den gode handvasken, og holde oss heime ved sjukdom.

Men, kor sjuk er sjuk, og kor tid er vi så sjuke at vi må holde oss heime? 🧐

En gang i tida måtte vi tenkje og vurdere dette heilt sjølv. Vi skal tilbake dit, og fra 25.september er det mykje meir opp til oss sjølv å finne ut av om ein er frisk nok til å gå på jobb, skule, eller sende barna i barnehagen.

FHI sine råd ved luftvegssymtom

For å lette overgangen fra strikte reglar til eigen vurdering, har vi laga et flytskjema som forhåpentligvis gjer det enklare å navigere i vår gamle, men samtidig nye, kvardag. 

Flytskjema norsk

Flytskjema engelsk