Sunnfjord kommune

NAV opnar publikumsmottaket to dagar i veka

NAV opnar publikumsmottaket to dagar i veka

Klikk for stort bileteNAV opnar no publikumsmottaket, gradvis i første omgang, med to dagar i veka.  

Opningstider ved NAV-kontoret 15. juni–30. august 

  • Ope publikumsmottak tysdagar og torsdagar: 12.00–14.00
  • Fysiske møte etter avtale med rettleiar måndag–fredag: 08.00–15.30

Les digital informasjon først 

  • Les meir om korleis du kjem i kontakt med oss på  www.nav.no/kontakt.
  • Chat med oss i opningstida om generelle spørsmål eller Skriv til oss.
  • Er du registrert som arbeidssøkar hos oss, kan du kontakte veilederen din i aktivitetsplanen.
  • Om du ikkje har tilgang til digitale tenester, kan du få timeavtale som gjeld søknad om nødhjelp, økonomisk sosialhjelp og hjelp til å søke om dagpenger ved permittering, sjukmelding, eller andre kritiske situasjonar. Vi tek kontakt på telefon.  Du bestiller time ved å ringe 55 55 33 33.

Skal du søke sosialhjelp?

  • Du kan no søke om sosialhjelp digitalt heile døgnet på pc, mobil eller nettbrett. For å søke sosialhjelp digitalt, må du logge seg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikkerhetsløysningar som Buypass eller Comfides. Vi tilrår alle som kan om å nytte denne løysinga.

Sjå informasjon her:  Veivisar økonomisk sosialhjelp nav.no

Dersom du av ulike årsaker ikkje kan eller ønsker å sende digital søknad, kan du framleis nytte papirsøknad. Søknad på papir finn du her (PDF, 488 kB)

Søknad sender du til NAV Sunnfjord, postboks 338, 6802 Førde, eller legg i postkassen ved Sunnfjord rådhus (ved undergangen mot E39/Fargerike).

Dersom det hastar, kan du enten ringe 55 55 33 33, eller legge ei melding i postkassen ved Sunnfjord rådhus med namn og telefonnummer. Postkassen blir tømt kvar dag.