Sunnfjord kommune

Næringsfond for Jølster og Gaular

Næringsfond for Jølster og Gaular

I dei tidlegare kommunane Jølster og Gaular har vi hatt tre kraftfond som gjeld næringsføremål.  Sunnfjord Utvikling har ansvar for fordeling av midlane som gjeld både Gaularfondet og fond for Jølster kraftverk. Midlane som står igjen frå Kjøsnesfondet blir fordelt av utval for samfunn, kultur og næring basert på innkomne søknader.

No kan du søke om midlar frå Kjøsnesfondet

Fondet skal først og fremst nyttast til næringsføremål i området rundt Kjøsnesfjorden og Skei. Det står i dag att 2 millionar kroner i fondet.

Slik sender du søknad

  • Du må sende søknaden innan fristen 14. april 2023. 
  • Send søknaden på epost og merk eposten med sak 22/2577

postmottak@sunnfjord.kommune.no

Har du spørsmål?

Kontakt Trond Ueland

Kort om bakgrunn for kvart fond

Alle tre kraftfonda vil framleis vil ha si geografiske avgrensing som i dag. Det betyr at kompensasjon for utbygging i Kjøsnesfjorden og utbygging i Jølstra har Jølster som nedslagsfelt. Det same gjeld Gaularfondet, som er ein kompensasjon for utbygging i Gaular. Dette er midlar til næringsutvikling i Gaular.
 

Kontakt

Trond Ueland
Einingsleiar Næring og samfunnsutvikling
E-post
Telefon 57 61 27 05
Mobil 91 33 74 10