Sunnfjord kommune

Momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar

Momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar

Klikk for stort bileteLag og organisasjonar kan søke om momskompensasjon.

Vi ønskjer å nå fleire med ordninga

Erfaring frå tidlegare år viser at det finst lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette kan vere lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund.
Merk: Slike såkalla underledd må sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt.

Det er også en del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar.

Minstegrenser

  • For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 100 000 kroner i søknadsgrunnlag (søknadsgrunnlag = driftskostnader minus eventuelle avgrensing og frådrag).
  • Etter dokumentert søknadsmodell er minstegrensa 7 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for.

Søknadsfrist

  • 1. september 2021.

Merk: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrert i Frivilligregisteret innan 1. september 2021. Dette gjeld og dei som søkjer via sitt sentralledd. Husk at registrering kan ta litt tid.

Informasjon og søknadsskjema

Søknadsskjema momskompensasjon

 Les meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar på sida til Lotteri-og stiftelsestilsynet