Sunnfjord kommune

Mobilitetsveka 2021

Mobilitetsveka 2021

Klikk for stort bileteSunnfjord kommune og Sykkelbyen Førde deltek i Europeisk Mobilitetsveke 2021. Dette blir markert med fleire arrangement torsdag 16. september.

Bilfri dag. Ta buss og vinn sykkel!

Vi oppmodar alle om å gå, sykle eller ta bussen denne dagen. Ta bussen den 16. september, og du kan vinne eit gåvekort på 5000 kroner til kjøp av sykkel!

Konkurransereglar:

  • Du kan delta dersom du tek bussen til eller i frå ein stad i Sunnfjord kommune den 16. september.
  • Du kan delta like mange gonger som du tek buss denne dagen.
  • Du må kunne dokumentere enten bussbillett eller ha registrert busskortet ditt på ein buss 16. september.
  • Berre den som vert trekt ut som vinnar treng å dokumentere bussturen sin.
  • Sunnfjord kommune trekker tilfeldig ein vinnar blant alle som har deltatt.
  • Vinnar vert kontakta direkte og i tillegg annonsert offentleg.
  • Premien er eit gåvekort på 5000 kroner på Chatlet Sport Førde - Sport1

Konkurransen vart avslutta 16. september kl 24.00. Vinnaren vil bli kontakta og publisert.

Sykkelbyen Førde i framtida – ope kveldsseminar 16. september

  • Torsdag 16. september klokka 18:30-21:00
  •  Auditoriumet ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Førde, Svanehaugvegen 1 (hovudinngangen)

Program:

  • Mobilitetsbyen Førde 2030  - innleiing v/Truls Hansen Folkestad, Sunnfjord kommune
  • Førdepakken og gang- og sykkelnettet i framtida, moglegheiter og utfordringar for vidare byutvikling og transport v/Vigdis Lobenz, Sunnfjord kommune
  • Studentoppgåve, reisetider med sykkel i Førde by og andre fordelar med sykkel v/John Roger Andersen, Høgskulen på Vestlandet
  • Tankar om utprøving og innføring av el-sparkesyklar i Førde v/Mates AS
  • Bergen bysykkel, erfaringar og utfordringar, føresetnader for vidareutvikling v/ Einar Grieg, Bergen kommune

Autonom buss – pilotprosjekt i Skyss 

Sunnfjord kommune er vert for utprøving av sjølvkøyrande buss på strekninga Concord-Campus verftet på Øyrane.

Europeisk mobilitetsveke 16.-22. september