Sunnfjord kommune

Mobilisering av frivillige til vaksinasjon

Mobilisering av frivillige til vaksinasjon

Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet   

Det vil krevje betydelige ressursar når tida kjem at storparten av innbyggjarane kan vaksinerast.

 Det meste vil Sunnfjord kommune ta hand om, men nokre funksjonar kan frivillige organisasjonar og enkelte frivillige bidra med:

  • Transport til vaksinasjonsplassen for dei som ikkje klarer å kome seg bort dit sjølv – gjeld primært eldre.
  • Overvaking på vaksinasjonsplassen. Etter at ein har fått sprøyta skal ein vere i ro i 30 minuttar. Då må det vere nokon som ser etter dei.
  • Overvaking og styring av eventuell kø inn til vaksinasjonsplassen.

Utfordringa er at vi ikkje veit omfanget eller kva tid slik massevaksinasjon vil skje. Dei som vert vaksinert på legekontor vil ikkje trenge frivillige til overvaking eller styring av kø, det sørgjer legekontora sjølv for. Kommunen ser føre seg at det vert oppretta vaksinasjonsstader, primært Førdehuset men kanskje også i andre deler av kommunen.

Dei frivillige som vil bidra kan sende e-post med namn, adresse og telefonnummer, samt kort kva dei kan bidra med til:

Det er sjølvsagt ikkje forpliktande å sette seg på liste over frivillige til desse oppgåvene. Når den tid kjem vil vi ta direkte kontakt og høyre om den frivillige kan bidra, men det er full forståing for at det då kanskje ikkje vil passe.