Sunnfjord kommune

Markering av at det er 10 år sidan Utøya-tragedien

Markering av at det er 10 år sidan Utøya-tragedien

Klikk for stort bileteI dag markerer vi at det er ti år sidan landet vårt blei ramma av ei nasjonal tragedie. På AUF sin sommarleir på Utøya blei 69 menneske – i hovudsak barn og unge – frårøva livet sitt. Det skjedde på ein så hjarteskjerande, rå og brutal måte at det rett og slett gjer vondt å tenkje på. Tidlegare same dag mista 8 menneske livet i eksplosjonen i regjeringskvartalet.

Hendingane som fann stad for 10 år sidan og tapet av 77 umistelege liv gjorde eit sterkt inntrykk på oss alle, og vil for all tid vere ein mørk dag i landet vårt si historie.

I dag minnest vil alle dei som fekk livstråden sin kutta på ein så brutal og meiningslaus måte. I dag sender vi varme tankar til alle foreldre, søsken, familiar, kjærestar, venner og kollegaer som fekk den verste beskjeden ein kan få, og som fekk endra liva sine for alltid. I dag sender vi òg varme tankar til alle dei som måtte sjå vennane sine bli skotne og drepne, som sjølve blei skada eller på annan måte har med seg arr etter det som fann stad.

Angrepa var retta mot Arbeiderpartiet og AUF, og det var dei som i all hovudsak blei direkte ramma. Men angrepa var òg eit angrep på nasjonen vår, på demokratiet vårt, på ytringsfridomen vår, og på fridomen vår i vid tyding. Angrepet var retta mot alt vi står for og alt vi har.

La oss alle saman arbeide for at noko slik aldri må skje igjen.