Sunnfjord kommune

Manglar i byggesaker i Jølster 2008-2019

Manglar i byggesaker i Jølster 2008-2019

Klikk for stort bilete Det har blitt oppdaga store manglar i byggesaker i tidlegare Jølster kommune. Sunnfjord kommune arbeider systematisk for å få oversikt, og vil ta kontakt med alle dei involverte innbyggjarane. Kommunen ber innbyggjarar som no kjenner seg urolege om å vente til kommunen tek kontakt.

Formannskapet i Sunnfjord kommune vart 11. juni 2020 informert om saka.

Bakgrunn for saka

Sunnfjord kommune har i 2020 fått inn fleire saker som var daterte 2019, men som ikkje var registrerte  i det historiske arkivet. Ved gjennomgang av historisk arkiv i Jølster, så viste deg seg at det var store manglar i saksbehandlinga. Det vart så gjennomført kontrollar mot eigendomsregisteret, dette viste manglande føring. Det vart så gjort ein kontroll over saker i 2015. Det viste at dette praksisen som var oppdaga i 2019, var ein praksis som har vore over tid.

Kontrollar gjort no i 2020

Sunnfjord kommune har engasjert to personar til å kontrollere byggesakshandsaminga. Jølster  tok i bruk digitalt arkivdata frå november 2008. Det er perioden etter dette som er kontrollert.

Det har vore dialog med ansvarlege i Jølster for å få kunnskap og informasjon om praksis. Ein har også sett på andre kommunikasjonsformer enn dei som har vore registrert i sakshandsamingssystemet.

Det viktigaste punkta som har vore undersøkt er om sakene vart:

  • formelt handsama
  • registrerte i eigedomsregisteret (KomTek)
  • vurdert i høve naturfare

Det er i tillegg kontrollert om tiltaka er utført.

Formell sakshandsaming

I perioden november 2008 til og med 2019 er det registert 931 søknadar. Av desse er 389 søknadar ikkje handsama. Kvaliteten i på sakene som er handsama er varierande. Alt frå rett handsaming til mangelfull eller feil sakshandsaming.

Sunnfjord kommune har rådført seg med DIBK (Direktoratet for byggkvalitet) og fått tilbakemelding på at:

  • saker som ikkje er handsama i det heile må handsamast
  • saker der det berre er gjeve ferdigattest utan vedtak, så er tiltaket å sjå på som godkjent av kommunen

Eigedomsregisteret / KomTek

Når eit vedtak er gjort skal tiltaket registrerast i eigedomsregisteret (martrikkelen). KomTek hentar data frå registeret og dette vert grunnlag for kommunale avgifter og eigedomsskatt. Rundt 80 av dei handsama sakene i perioden er ikkje ført i eigedomsregisteret.

Naturfare

I perioden november 2008 til og med 2019 er det registrert 123 søknadar som er handsama, og som ligg plassert i faresone eller aktsemdsområde for skred og flaum utan at det ligg dokumentasjon på at naturfaren er vurdert.

Det er registrert 67 saker som ikkje er handsama, men bygd eller utført i faresone eller aktsemdsområde. Av desse er 10 ført i eigedomsregisteret.

Konsekvensar for tidlegare Jølster kommune

Kommunen har tapt inntekter på byggesakshandsaming og eigedomsskatt.

Innbyggarane kan har fått urettferdig handsaming der nokre betalar for sakshandsaming, og andre ikkje. Innbyggarane kan også ha kjent på usikkerheit i høve endeleg godkjenning.

Konsekvensar for Sunnfjord kommune

Det er ein stor jobb for Sunnfjord kommune å kategorisere dei ulike sakstypane i høve kvar har kommunen eit ansvar og kvar har tiltakshavar eit ansvar.

Det krev store ressursar for kommunen å følgje opp:

  • sakshandsaming av saker som ikkje er gjennomført
  • manglande vedtak om fedigattest
  • føring i eigedomsregisteret 

Prioritering
Sunnfjord kommunen må prioritere å få kontroll på dei løyva som er gjeve i faresone eller aktsemdsområder for skred og flaum i høve fagkunning vurderingar først.

Dersom det er gjeve løyve utan fagkunninge vurdering ligg føre er kommunen ansvarleg for å ta kostnadar med rapportar og eventuelle avbøtande tiltak.

Vidare arbeid

  • To personar er engasjer til å følgje opp arbeidet vidare
  • Byggesaksavdelinga må følgje opp med vedtak for byggeløyver og ferdigattestar
  • Sunnfjord kommune må følgje opp med naudsynte tiltak i dei sakene der det er gjort sakshandsamingsfeil
  • Registreringar gjort i eigedomskatteprosjektet i 2020 vil vere til god støtte i det vidare arbeidet.