Sunnfjord kommune

Logokonkurranse for ungdomsrådet

Logokonkurranse for ungdomsrådet

Klikk for stort bileteSunnfjord ungdomsråd arrangerer logokonkurranse, send inn ditt forslag til ny logo.

Logokonkurranse

Ungdomsrådet i Sunnfjord kommune ønsker å ha sin eigen logo, for å skape visuell identitet i det politiske ungdomsarbeidet og vere ein synleg pådrivar for ungdomen sine interesser.

Grafisk profil for Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommune har ein mangfaldig grafisk profil. Profilen består av ulike illustrasjonar, mønster og fargar. Dette grafiske uttrykket hjelper kommunen til å framstå med ein samla identitet. Det er ønskeleg at ungdomsrådet sin logo bygger vidare på dette. 

Sjå grafisk profil Sunnfjord kommune

Mønster i høgoppløysleg format:

Konkurransereglar

  • Logoen bygger på den grafiske profilen til Sunnfjord kommune
  • Fargane i logoen er henta frå profilfargane til Sunnfjord kommune
  • Forslag til logo skal sendast innan fristen 1. juni 2020
  • Forslaget vert sendt elektronisk i høgoppløysleg filformat

Frist

Fristen for å sende inn forslag til ny logo er 1. juni 2020.

Premie

Premien for vinnaren av konkurransen er 2 000 kroner. 

Rettigheiter

Sunnfjord kommune har rett til å nytte logoen fritt i alle trykte og digitale flater.

Send ditt forslag her

Send forslaget til e-post: postmottak@sunnfjord.kommune.no