Krav til lokalisering
Vi ynskjer tilbod om lokale med sentral plassering i Førde. Lokaliseringa skal maksimum vere 10 minuttar køyring i bil frå Sunnfjord Rådhus. Tilbod med lokalisering utanfor dette vert ikkje vurdert.
Under øving/innsats vil det komme ca. 50 mannskap, og dei vil trenge å kunne parkere i nærleiken av lokalet. Dette vil verte teke høgde for ved vurdering av tilbod.
Krav til leigetid
Leigetida skal starte ein gong i mellom 01.06.2025 – 01.01.2026. Eksakt oppstartdato vert avtalt i eventuelle forhandlingar. Leigetida skal vere på 5 år. Vidare skal det vere ein uforpliktande opsjon på forlenging av avtala i ytterlegare 2 + 2 år. Opsjon må meldast inn til utleigar seinast 6 månadar før utgangen av inneverande leigeperiode.
Krav til arealet
Arealbehovet er avhengig av byggets utforming og planløysing, og kan difor variere frå bygg til bygg. Dette må særskilt vurderast etter synfaring og/eller motteke tilbod. Vi oppfordrar tilbydarar å gjennomføre felles synfaring før skriftleg tilbod vert sendt.
Følgjande krav er grunnleggjande forhold til arealet som må vere innfridd:
- Lageret skal til ei kvar tid vere tilgjengeleg for Sivilforsvaret og vere hensiktsmessig utforma for handtering av materiell.
- Grunnflate må vere på minst på 230 m2.
- Lageret må ha eigen tilkomst med køyrehøgde på minst 3,5 meter.
- Lageret skal vere utstyrt med hyllereolar utforma slik at materiellet kan handterast utan å måtte nytte løfteutstyr.
- Lageret må vere tilstrekkeleg oppvarma til at materiell kan tørkast og personar kan opphalde seg der.
- Minst 10 m2 av arealet skal ha tilfredsstillande luftfuktigheit og temperatur for å oppbevare elektronisk utstyr.
- Det må føreligge moglegheit for utviding av arealet med minimum 50 m2 i løpet av leigeperioden. Utviding av areal etter nærmare avtale.
- Lageret skal vere utforma med arbeidsbenk med fastmontert skrustikke, slik at Sivilforsvaret skal kunne gjennomføre naudsynt vedlikehald av materiellet som er på lageret.
- Lageret skal vere frostfritt. Det skal vere sikra tilstrekkeleg vatn- og straumtilførsel, vere sikra nett-tilgang, vere brann- og innbrotssikra samt avskilt frå andre bruksareal med eigen inngang.
- På utsida av lageret skal det vere tilstrekkeleg areal for lasting av materiell og parkering av private bilar. Det må minimum vere 5 parkeringsplassar tilgjengeleg til ein kvar tid. Uteområdet skal elles vere belyst og asfaltert areal for lasting og parkering.
- Lageret må kunne skiltast av Sivilforsvaret.
- Ved klargjering og etterkontroll av materiell, må lageret tilfredsstille arbeidsmiljølova sine krav til HMT.
- Lageret må ha tilgang til sanitæranlegg og fråskild garderobar og dusj til begge skjønn.
- Utleigar er ansvarleg for snøbrøyting og eventuell strøing på vinterhalvåret, på ein slik måte at lageret til ei kvar tid er tilgjengeleg for leigetakar.
- Tilgang til eit eller fleire kontor i same bygg.
Utleigar er elles ansvarleg for at utforminga av lokalet er i samsvar med Arbeidsmiljølova/Arbeidstilsynets sine krav/retningslinjer til denne type arbeidsplass, aktivitet og HMT.
Ynskjer til arealet
Følgjande punkter er ynskjer frå leigetakar, men er ikkje absolutte krav knytt til anbodet:
- Tilgang til eit større møterom/undervisningsrom i same bygg.
Prissetting av tilbod
Det skal leggjast til grunn ein årleg kvadratmeterpris for leigeprisen. Alt som er inkludert i leigeprisen skal spesifiserast. Alle tilleggskostnadar ut over dette skal kome tydeleg fram og spesifiserast. Ved kostnadstillegg som er variabel, skal ein kunne legge fram ein estimert årleg kostnad eller tidlegare erfaringstal. Tilbydar kan ved eventuelle forhandlingar kome med eigne forslag til prismodell.
Vurdering av tilbod
For å kunne få tilbod sitt vurdert, er det ein føresetnad at alle vilkår som går fram i følgjande dokument er innfridd. Tilbod som ikkje innfrir alle vilkår kan forkastast.
Atterhald
Sunnfjord kommune er ikkje pliktige til å inngå avtale med tilbydar.
Sunnfjord kommune kan avslutte prosessen undervegs, dersom det føreligg mangel på tilbydarar, manglande finansiering eller dersom innkomne tilbod vurderast som ikkje egna eller gode nok.
Det takast atterhald om finansiering samt godkjenning av endeleg leigeavtale av kommunedirektøren og/eller eventuelt formannskapet dersom dette vurderast som naudsynt.
Det takast atterhald om framdriftsplan og datoar i dokumentet, då det kan førekomme endringar undervegs i prosessen. Alle interessentar vil i så fall bli fortløpande orienterte.
Framdriftsplan og tildeling
Følgjande framdriftsplan leggast til grunn:
Melde interesse
Det er uforpliktande å melde si interesse. Dersom de kan innfri etterspurnaden og ynskjer å gå i vidare dialog med Sunnfjord kommune, kan ein melde si interesse til Bygg- og eigedomsforvaltning ved Stian Midttun Jensberg. Sjå kontaktinformasjon i punkt 12.
Ved innmelding kan ein også kome med forslag til dato og tidspunkt for felles synfaring.
Frist
Seinaste frist for å melde si interesse for vidare dialog er satt til 24.01.2025 kl.12:00.
Interessentar som melder si interesse etter angitt dato, vil ikkje få anledning til å kome med tilbod i denne prosessen. Dokumentet vert offentleggjort på kommunen si heimeside fram til denne datoen.
Etter at fristen er utgått vil Sunnfjord kommune gjennomføre synfaringar og gå i vidare dialog og forhandlingar med aktuelle innmeldte tilbydarar.
Kontaktinformasjon
Dersom det er spørsmål knytt til informasjonen i dette dokumentet, kontakt