Kven stiller liste til kommunestyrevalet i Sunnfjord?

Fristen for å levere listeforslag nærmar seg, og du kan no følge med på kva kandidatar som stiller til kommunestyrevalet i Sunnfjord etter kvart som listeforslaga blir levert inn. 

Frist for innlevering av listeforslag

Parti og gruppe som vil stille liste ved kommunestyre- og fylkestingsvalget 2023 må levere listeforslag til kommunen eller fylkeskommunen innan 31. mars klokka 12.00. Liseforslaget viser kandidatane som stiller til val for partiet eller gruppa. 

Fram til no har seks parti levert listeforslag til kommunestyrevalet i Sunnfjord. 

Sjå innkomne listeforslag - Sunnfjord kommune

Fram til no har sju parti levert listeforslag til fylkestingsvalet i Vestland. 

Sjå innkomne listeforslag - Vestland fylke

Desse sidene blir oppdaterte med nye lister etter kvart som dei blir levert inn. 

Når blir listene godkjent?

Når fristen er ute skal kommunen sjekke at listeforslaga oppfyller lovkrav, og gi beskjed til kandidatane om at dei er sett opp på eit listeforslag og at dei kan krevje fritak.

Valstyret skal behandle listeforslaga i møte 22. mai. 

Sjå meir informasjon om kommunestyre- og fylkestingsvalet på kommunen si nettside.