Sunnfjord kommune

Kven skal få kulturprisen i Sunnfjord?

Kven skal få kulturprisen i Sunnfjord?

Klikk for stort bilete Illustratør: Gregory Idehen  Sunnfjord kommune deler årleg ut ein kulturpris for å løfte fram og gje merksemd og heider til våre beste kulturaktørar og –personar, innanfor det utvida kulturbegrepet.

Kulturprisen skal vere ein stimulans til kulturlivet i kommunen. Prisen kan tildelast einskildpersonar, grupper eller organisasjonar.

Vil du nominere nokon til kulturprisen?

Send ditt grunngjeve framlegg til kandidat innan 20. november 2020.

Send framlegg til:
postmottak@sunnfjord.kommune.no

Retningslinjer for kulturprisen

  • Prisen delast ut til ein kandidat som har gjort ein særleg, langvarig og/eller ekstraordinær innsats i kulturlivet.
  • Utval for samfunn, kultur og næring vedtek kven som får prisen.
  • Prisen vert lyst ut i dagspressa for open, grunngjeven nominasjon av kandidatar. Utvalet og administrasjonen kan òg nominere kandidatar.
  • Mottakaren får eit kunstdiplom og ei pengegåve på 35 000 kroner. Beløpet justerst med jamne mellomrom.
  • Prisen vert overrekt av ordførar i samband med årets siste møte i kommunestyret.