Sunnfjord kommune

Kva skal Førdehuset vere i framtida?

Kva skal Førdehuset vere i framtida?

Klikk for stort bilete Gregory Idehen Sunnfjord kommune arbeider med ein moglegheitsstudie av Førdehuset, kommunen og regionen si storstove for kultur og idrett.

I 2023 flyttar etter planen Teater Vestland og Hafstad vgs, som no leiger lokale i huset, ut av Førdehuset og inn i andre lokale i Førde. Dermed blir mange kvadrat med lokale i huset ledig for anna aktivitet, inkludert Teatersal, prøvesal («Eventyrrommet»), verkstadsareal og fleire kontor- og møteromslokale. Huset treng òg generelt ei oppgradering og utvikling for å fungere som eit godt og funksjonelt kultur- og idrettshus anno 2023 og framover.  

Mål med moglegheitsstudiet

Studien skal peike på alternativ for gode og framtidsretta løysingar for noverande og moglege nye funksjonar i Førdehuset til beste for noverande og nye brukargrupper. Analysen skal primært ta utgangspunkt i eksisterande bygningsmasse og heilt nærliggande utomhusareal, og skal også innehalde kostnadskalkyle for foreslåtte tiltak. 

Involvering av innbyggjarane

Vi ynskjer innbyggjarne sine innspel for å utvikle eit godt og framtidsretta kultur- og idrettshus for brukarar og besøkande i alle aldrar. Det blir derfor ei digital undersøking.

Delta i undersøkinga

Råd og utval vi også bli høyde.